Hasut-prosjektet i Fosnes og Flatanger ; djupner, seismikk, prøvetaking og video-opptak - toktrapport og tolking av botntyper

I samarbeid med HASUT-prosjektet (Havbruk, areal, samordning og utvikling i Trøndelag) gjennomførte NGU feltarbeid med F/F "Seisma" i Flatanger og Fosnes i periodane 08.09.-19.09.2003 og 10.10.-19.10.2003. I første periode kartla vi djupner rundt Utvorda og Jøa med GeoSwath interferometrisk sonar. I tillegg til å samle inn djupnedata, måler også sonaren reflektiviteten frå havbotnen - såkalla backscatter. Dette gir et mål på hardheit og/eller ruheit på botnen som er viktig informasjon for tolking av botntyper. I den andre perioden brukte vi høgoppløyseleg seismikk (TOPAS), prøvtaking med grabb og videoopptak utført med videograbb og ROV for å verifisere tolkinga av havbotnen. Som grunnlag for kartlegginga blei det kjøpt inn digitalt kartverk med gridceller 50 m frå Sjøkartverket i tillegg til at HASUT prosjektet og NGU i fellesskap engasjerte FFI (Forsvarets Forskningsinstitutt) for å kartlegge dei djupare delene av undersøkingsområda med fleirstråleekkolodd. Basert på innsamla data er det laga ei tolking over sedimenta på botnet utanfor Utvorda og rundt Jøa.

Last ned publikasjon

Tilgjengelig:
NGU-biblioteket
Serier:
NGU-rapport
Serienr:
2003.095
Page number:
26
ISSN:
0800-3416
Dokumenttype:
Rapport