Radonfare
NGU, i samarbeid med Statens strålevern, har gjort karta kjent. Dei er eit godt hjelpemiddel for kommunane, både når dei skal prioritere målingar av radon i eksisterande bustader, og når dei planlegg nybygging.
Uran i bakken
Ved hjelp av fly og helikopter har NGU gjort omfattande målingar av naturleg bakgrunnstråling frå uran i bakken. Statens strålevern har stilt til rådvelde resultat frå radonmålingar i heile 6326 bustader frå det same området.
Sammenstillinga av resultat - saman med NGU sin omfattande kunnskap om lausmassar og berggrunn - har resultert i eit aktsemdkart som strekkjer seg over 10.000 kvadratkilometer frå Hadeland og Romerike i nord, til Fredrikstad og Skien i sør. Nærare to millionar menneske er busette i dette området.
Faktorar som gjev grunnlag for aktsemdkart
Karta inneheld tre viktige faktorar i vurderinga av aktsemd:
- Eksisterande målingar av radon i luft innomhus.
- Gammamålingar frå lufta, noko som gir ein generell oversikt over uranrike område.
- Kartlegging av lausmassar med fokus på lett gjennomtrengelege lausmassar som sand og grus. Sand og grus gjer det lettara å transportere radongass effektivt frå store djup. Dette gir fare for høgare radonnivå innomhus, sjølv i område med låge konsentrasjonar av uran i grunnen.
- Berggrunnen – bergartar som inneheld uran og gjev auka risiko for radongass
I tillegg gir karta ein forenkla oversikt over berggrunnsgeologien i Osloregionen. Bergartane kan rangerast etter kor sannsynleg uranrik granitt og uranrik granittisk gneis er.
Bakgrunnen for arbeidet er at Noreg har nokre av dei høgste radonkonsentrasjonane i verda innomhus.
Over tiltaksnivå
Omfattande kartlegging med måling av radon i bustader i heile landet, syner at ca. 175.000 bustader - eller ni prosent av bustadmassen - har ein gjennomsnittleg radonkonsentrasjon over tilrådd tiltaksnivå på 100 Bq/m3.