Forsøksdigitalisering av NGUs flymagnetiske rådata fra 1960- og 1970-åra

NGU-RAPPORT
|
88.128
|
Forfattere
Skilbrei, Jan R.
|
Utgivelsesår
1988
Publikasjonstype
Utgivelsesår
1988
ISSN
0800-3416
Summary
Det er gjort forsøk med digitalisering av flymagnetiske rådata over kartblad 1723 II (Snåsavatnet, M 1:50 000). Magnetiske kart er utgitt ved NGU som manuelt teikna kotekart. Kotekarta har synt seg gode til tolking i områder med kraftige magnetiske anomalier (t.d. grønsteinsbeltene i Finnmark), men i områder med generelt svak magnetisk signatur (t.d. Kaledonidene) er ikkje kotekarta gode nok. 100 gammas koteavstand fører til ei glatting av data når anomaliene er svake. Sjølve trekkinga av kotene medfører stor grad av interpolasjon og tolking. Det er gjort tolking på kotekart og kart som er basert på digitale "rådata". Det viser seg: Ein får meir informasjon på kartform ved å digitalisere rådata. Det er påvist større oppløysing på det nye kartet i høve til kotekartet. Signifikansen til sjølve kartet og tolk- ningsprodukt auker forid ein unngår den "tolkinga" somkotelegginga inneber. Forskjellen mellom det nye "digitale" kartet og kotekartet blei progressivt større dess lavere magnetisk signatur det er i eit område. Men flyhøyde og profilavstand er endelige begrensninger i eit datasett. Det vil derfor neppe vere formålstjeneleg å starte eit prosjekt for å digitalisere alle analog- opptak. Men ein bør starte med å digitalisere rådata før tolkinger blir gjort innafor eit utvalgt område (f.eks. ved prosjekt/NGU-program). Tolkninger langs profil bør alltid gjerast på digitaliserte rådata. Ved "off-shore" data er det lite å vinne ved ei digitalisering.
Fylke
TRØNDELAG
Tilgjengelig
NGU-biblioteket