Nytt kart avdekker vulkansk historie på Vestlandet

Image
Foto av Gravdal Gruver fra 1916
Frå Gravdal Grube, og dalen mellom dei to stollinngangane til gruva. Foto er teke av Steinar Foslie i 1916. Nokre tiår seinare byrja han arbeidet med å kartleggje området på Varaldsøy.
Ein gong i tida bestod delar av vestlandskysten av vulkanske øyer. Det har gitt næring til lokal gruvedrift og samfunnsbygging. Det flunkande nye kartet frå Varaldsøy i Vestland fylke er ei reise i tid, både geologisk og fagleg.

Den nyaste samanstillinga over Varaldsøy dekker delvis det som i dag kallas for Hardanger kobbar-sink-gull-provins, og strekkjer seg parallelt langs Hardangerfjorden. Kartet gir eit geologisk bilde på samfunnshistoria.

-Mellom 1654 og 1919 var det aktiv gruvedrift i fleire periodar, og til saman 0,4 millionar tonn malm blei utvinne frå førekomstane i Gravdal, Valaheien og Nygruva. Det er minst like mykje ressursar igjen i førekomstane, men moglegvis for lite til ny drift, seier Tine Larsen Angvik, leiar ved seksjon for fastfjellsgeologi ved NGU.

Mellom anna, viser kartet bergartar som er blitt til av det som ein gong var eit vulkansk øyrike, såkalla øybuar, og sedimentære bergartar frå havbotnen.

Image
Tine Larsen Angvik
Tine Larsen Angvik, leiar ved seksjon for fastfjellsgeologi.

-Kartinnformasjonen kan nyttast i samfunnsutviklinga, enten det måtte vera mineralleiting, utbygging av infrastruktur, analyse av naturfare eller bevaring av natur. Særskilt og umiddelbar nytte vil det nok aller helst vera for den nye geoparken i området, trur Larsen Angvik.

Hu peikar på Geopark Sunnhordaland som i 2023 på sjølvaste nasjonaldagen fekk status som UNESCO Global Geopark. Eit viktig mål for geoparkane er å bidra til å spreie geologisk kunnskap og landskapshistorie.


Store krefter i sving

Kartlegginga av Varaldsøy i Vestland avdekker kva krefter som har vore i sving og forårsaka den mineralrike berggrunnen i dag. Vulkanismen starta i det gamle lapetushavet som skilde to av datidas kontinent, Laurentia (Grønland og Nord-Amerika) og Baltica (Nordvest-Europa).

Laurentia kolliderte med Baltica, for over 400 millionar år sida, og pressa saman stein, fjell og leire til den 8 – 9000 meter høge kaledonske fjellkjeda som framleis skjula seg i berggrunnen over store delar av Noreg.

-Bergartane frå den vulkanske øybuen blei skjøve som flak inn over bergartane i det gamle kontinentet Baltica, forklarer Larsen Angvik.

Les meir om geologien i Sunnhordaland

Kunnskapsinnhenting over fleire tiår

Arbeidet med å kartleggje området starta i 1942, og har vore utført i fleire periodar. Resultata, som har blitt samla opp over 81 år, er eit godt døme på korleis NGU arbeider med å få eldre data ut digitalt.

-Dei tidlegaste fasane blei gjennomført før GPS-en sin tid kor det verken eksisterte nøyaktige topografiske kart eller nøyaktige punktmålingar. Likevel greidde dei å gjere ein formidabel jobb med sirleg teikning for hand, før det blei overførd til eit hovudkart ved hjelp av lysbord, fortel Angvik Larsen.

Kartet er i dag digitalisert og offentleg godkjend som ein del av NGUs berggrunnskart og er også å finne i database over mineralressursar. Under finner du også ein versjon i PDF.

Etappane i kartlegginga av Varaldsøy

Over fleire tiår har stafettpinnen gått frå geolog til geolog i kartlegginga av Varaldsøy. Bit for bit har eit fullstendig kart over grunnforholda blitt avdekka. Steinar Fossli påbyrja i 1942 blei nyleg avslutta av Arne Solli og Jomar Ragnhildstveit.

Sjå oversikta over kvar arbeidsperiode her.


1942 – 1949:

Varaldsøy og områda på vestsida av Hardangerfjorden sør for Varaldsøy er kartlagt av Steinar Foslie publisert i NGU nr 147 (1955).

1960 – 1971:

Områda på vestsida av Hardangerfjorden nord for Varaldsøy er kartlagt av Johan Naterstad.

1990 - 1995:

Jomar Ragnhildstveit har kartlagt Folgefonnshalvøya og justert grensene på resten av kartet.

1996 – 1997:

Alexander Mæland og Kirsti Adolfsen, hovudfagsoppgåver frå Universitetet i Oslo.

2020 - 2023:

Kartet og teiknforklaringa er redigert av Arne Solli og Jomar Ragnhildstveit.

Image
Utsnitt av berggrunnskartet til NGU.

Image
Trekanter i rød, blå og grønn farge viser i mineralkartet til NGU.
Nyhetsarkiv