Fann ukjent ubåt-vrak frå 2. verdskrig

Image
Deler av skroget
Her ser vi tydeleg deler av ubåten på havbotnen. Foto: Mareano
Etter over 80 år på havbotnen er det som truleg er vraket av den britiske ubåten HMS «Thistle» oppdaga utanfor Rogaland.

Av Beate Hoddevik, Havforskingsinstituttet

Funnet vart gjort i samband med at biologi og geologi på havbotnen skulle dokumenterast gjennom Mareano-programmet. Ubåten vart oppdaga i vår, men det er først no, i samband med eit nytt tokt, at identiteten på den er klarlagt.

Sjå video: Finding a missing submarine in the North sea - YouTube

Ukjent vrak

Då vårtoktet skulle planleggast, såg NGU-forskar Valérie Bellec gjennom ei systematisk tolking og bearbeiding av multistråledata nokre underlege strukturar på kartet. Ho var 80 prosent sikker på at dette var eit vrak.

Image
Forsker Valérie Bellec hadde rett, det var et vrak hun så på multistråledata. - Men jeg visste ikke at det var en ubåt, sier hun. Foto: Mareano

Då botnen vart undersøkt med kamera dukka det opp eit vrak på skjermen i kontrollrommet – og ikkje kva som helst slags vrak; det var ein ubåt. Og det etter at dei allereie hadde funne fire vrak, der alle utanom eitt var ukjende.

– Det er ikkje så ofte eg er i videorommet når nye stasjonar vert undersøkte, men på akkurat denne var nysgjerrigheita vekt allereie før videoriggen gjekk i vatnet, seier senioringeniør Kjell Bakkeplass ved Havforskingsinstituttet.

Image
Ein fisk i vraket.
Ein fisk gøymer seg i vraket.

Kameraet avslørte ubåten

Vraka dei hadde funne tidlegare på toktet var godt synlege strukturar på dei detaljerte karta forskarane brukar når dei planlegg kvar dei skal ha stasjonar.

– Etter å ha undersøkt vraket ved hjelp av kamera, kunne vi fort konstatere at det var snakk om ein ubåt, seier Bakkeplass.

Medan dei andre om bord fortsette arbeidet med å finne ut kva artar som lever på havbotnen i dette området og kva den består av, begynte Bakkeplass å leite etter opplysningar om ubåten.

– Sidan det ikkje var merka av noko vrak akkurat her, sjekka eg om det var nokre ubåtar som var sakna i området og som kunne stemme overeins med korleis vraket såg ut.

To sakna ubåtar

Etter at diverse oversikter var undersøkt, fagpersonar konsultert, inkludert både den norske og britiske marinen, var det klart at det var snakk om ein britisk ubåt.

Men akkurat kva ubåt var framleis uklart, det kunne vere éin av to: HMS «Oxley» eller HMS «Thistle». Den eine senka like før og den andre under 2. verdskrig.

Etter at dei kom i land og fekk kontakta ubåt-ekspertar, sjøfartsmuseum og fagpersonar, viste det seg at det var store sjansar for at det var HMS «Thistle».

Image
Inngangen til det som truleg er eit torpedorør. Foto: Mareano

Nytt tokt identifiserte «Thistle»

I samband med at Mareano-programmet gjennomførte eit nytt tokt no i oktober, dukka det opp ein sjanse til å prøve å identifisere vraket.

– På førehand visste vi kva kjenneteikn vi skulle sjå etter, dermed klarte vi å identifisere vraket som «Thistle», men med eit lite atterhald om at det er Royal Navy som står for den endelege identifiseringa, fortel Kyrre Heldal Kartveit som er toktleiar på dette toktet.

Krigsgrav

Om HMS «Thistle» si siste ferd veit vi at den enda 10. april 1940. Då blei den senka av ein tysk ubåt. Ingen av mannskapet på 53 overlevde.

Når det gjeld HMS Oxley, blei den ved ei feiltaking senka av ein annan britisk ubåt 10. september 1939. To av mannskapet overlevde, medan 53 omkom.

No ligg «Thistle» på 160 meters djup utanfor Rogaland. Sidan det er snakk om ein ubåt som er senka under krig, er fartøyet å rekne som ei krigsgrav. Den britiske marinen har eigedomsretten til vraket.

Dei seks andre vraka

I tillegg til ubåten, blei det observert seks andre vrak på toktet i vår. Berre eitt av desse var kjent frå før.

– Vraket av lasteskipet «Azalea» var kjent før vi undersøkte området med videoriggen. Dette fartøyet forliste i mars 1990, cirka åtte nautiske mil nord-nordvest av Utsira. Her omkom tre av bergingsmannskapet, seier Bakkeplass.

Alle vrakobservasjonane er rapporterte inn til Stavanger museum, som er ansvarleg for vrak som blir funne i dette området.

Mareano-programmet er eit samarbeid mellom Kartverket, Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøking.

TV2 omtalte saken 15. oktober: Her får dei svar på eit 83 år gammalt mysterium (tv2.no)

Image
Utsnitt fra NGUs kart over maringeologi
Nyhetsarkiv