
Då hadde innlandsisen smelta kraftig gjennom vel 1600 år og landskapet hadde vokse fram, frå små isfrie fjelltoppar og fjellryggar i isoverflata - såkalla nunatakar - til eit isfritt Noreg. Landet var gjort klart for vegetasjon, dyr og menneske.
Historia om den endelege slutten på istida i Sør-Noreg er publisert i ein ny vitskapleg artikkel i tidsskriftet Quaternary Science Reviews. Bak det kvartærgeologiske forskings- og kartleggingsarbeidet står hovudforfattar Anders Romundset saman med kollega Fredrik Høgaas, begge frå Noregs geologiske undersøking (NGU), samt kollegaer frå Noreg, Sveits, Danmark og Tyrkia.
Tidfesta hendingar
- Gjennom kartlegging og kunnskapsinnhenting har vi skaffa oss eit godt bilete av smeltinga mot slutten av siste istid. Vi har tidfesta hendingane ved hjelp av tre uavhengige dateringsmetodar. Vi har vore mange rundar i felt og samla inn og analysert ei mengd prøver, mellom anna frå innsjøsediment, flyttblokkar og moreneryggar. Vi har òg granska strandliner frå bredemte sjøar, som oppstod under nedsmeltinga, seier forskar Anders Romundset.
Geologar har lenge trudd at innlandsisen i den siste fasen av nedsmelting gradvis vart urørleg og smelta rett ned i innlandsområda sør for vasskiljet i Sør-Noreg. Men kva tid, korleis og kor raskt dette skjedde, har i stor grad vore ukjent og dels omdiskutert.
No er hendingane tidfesta, og den dramatiske tida da Gudbrandsdalen og fjellområda rundt dukka fram frå isen, er rekonstruert.


Tidsramme på 1600 år
- Tidsramma for denne geologiske historia er frå om lag 11.600 år til 10.000 år sidan. Det er tida etter yngre dryas, den siste kalde perioden under istida, og inn i vår mellomistid holocen. Isen låg kald og tjukk over fjellområda i Sør-Noreg gjennom yngre dryas, medan breframstøyt langs iskanten ved kysten førte til at Raet og andre moreneryggar vart skubba opp, fortel Anders Romundset.
- Men ved inngangen til holocen vart klimaet brått mykje varmare og effekten for den skandinaviske innlandsisen vart dramatisk. Vi har rekna ut at isen i gjennomsnitt vart to til seks meter tynnare kvart år i tidleg holocen. Det viser kor raskt massetapet skjedde og kor mykje vatn den skandinaviske isen bidrog med til global havnivåstiging på denne tida. Endringane den skandinaviske innlandsisen gjekk gjennom ved inngangen til vår mellomistid, kan vera ein god analog for Grønlandsisen i eit stadig varmare klima dei neste hundreåra, seier Romundset.
Rask og dramatisk endring
Forskarane seier at endringane samla sett var raske og dramatiske då mykje av naturgrunnlaget og særpreget til naturen i og rundt Gudbrandsdalen vart skapt. Den smeltande isen, og alt vatnet, både grov, transporterte og avsette massar.
- Nokre av spora frå dette er tørrlagte elveleie høgt til fjells, heile fjellsider spyla reine for lausmassar og område med finkorna terrassar av bresjøavsettingar. Mange plassar i Nord-Gudbrandsdalen kan ein sjå trappetrinn med tydelege nivå av elveløp i liene. Desse terrassane eller nivåa vart danna av vatn som rann langs iskanten om sommaren, medan isen stadig krympa. I nokre tilfelle kan dei representere enkelte år under nedsmeltinga, om lag som ringar i ein trestubbe. Menneska dukka også opp i denne historia, i god tid før den siste isen var borte. Dei jakta rein medan isrestar, vidstrekte bresjøar og enorme breelvar framleis la føringar for korleis folk og dyr kunne ferdast, fortel Romundset.
Katastrofe i dalen
I denne tida skjedde det òg ein katastrofe i dalen. Anders Romundset forklarar: - Medan isen smelta, vart det i tur og orden demt opp mange sjøar mellom isen og såkalla passpunkt, der vatnet rann mot kysten i nordvest. Den siste av desse bredemde sjøane var også den desidert største. Store Dølasjø var langt større enn dagens Mjøsa. Vi har rekna ut at sjøen heldt på ufattelege 80 kubikkilometer vatn. Denne vassmengda fylte gjennom fleire hundre år både Ottadalen og Gudbrandsdalen nord for Vinstra.
Store Dølasjø var demt av den siste isresten sør for Vinstra og vart truleg tappa brått og med enorm kraft då vasstrykket vart for stort for den stadig krympande isen. NGU arbeider vidare med å kartleggje spor etter denne katastrofeflaumen i dalsidene og dalbotnen lenger sør i Gudbrandsdalen, ned mot Mjøsa.

Varmare klima
Forskar Anders Romundset understrekar at den geologiske kunnskapen om denne tida er viktig for å forstå naturhistoria og naturgrunnlaget i og omkring Gudbrandsdalen.
- Men samstundes står kunnskapen som eit fortidsvitne for kva som kan skje med store isdekke i eit brått varmare klima. Dagens oppvarming kan gjera at Grønlandsisen kollapsar, på same måte som den skandinaviske innlandsisen ein gong gjorde. Jamvel isen i Antarktis kan lide same lagnad, sjølv om det kan ta tusenvis av år. Vi kan kartleggje og granske hendingar langt attende i fortida, men om framtida kan vi berre spå. Kunnskap om geologien, kva som skjedde og kvifor det skjedde, gjev viktig innsikt i endringane, seier han.
Den nye vitskaplege artikkelen ligg ope tilgjengeleg på nett.
