​Jus, kontraktar og nabotilhøve

Noregs geologiske undersøking fråskriv seg ansvar i samband med eventuelle feil i svara nedanfor. Ytterligare informasjon om sentrale juridiske spørsmål finst i Vann- og avløpsrett

Er grunnvatnuttak konsesjonspliktig til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)?

Ikkje dersom vatnet nyttast til eige bruk, for hushaldning eller husdyr. Det vert heller ikkje praktisert konsesjonsplikt for jordvatning eller vanlege private hytter. Fleire slike brukarar av grunnvatn kan òg gå saman i eit sameige utan at dette automatisk utløyser konsesjonsplikt. Dersom uttaket vert for stort, anbefalast det at ein tar kontakt med regionkontoret til NVE for vurdering av konsesjonsplikt. Det bør ein til dømes gjere dersom uttaket svarar til tala på husabonnentar som utløyser godkjenningsplikt i Drikkevannsforskriften og Matloven. Andre større vassuttak av grunnvatn, til dømes til turistanlegg, fiskeoppdrett m.m. er òg ofte konsesjonspliktige. Bruk av grunnvatn i samband med vassverk, til husdyr, fiskeoppdrett m.m. utløyser dessutan òg godkjenningsplikt for dokumentasjon på vasskvalitet.

Må ei brunnboring varslast til det offentlege?

Ein treng vanlegvis ikkje sende søknad eller melding til kommunen for å få bora ein brunn på eigen eigedom. Enkelte kommunar praktiserer meldeplikt eller søknadsplikt med tilvising til ein kombinasjon av Plan- og bygningslova, Forureiningslova, Vassressurslova og lokale forskrifter - så undersøk med kommunen på førehand. Alle brunnboringane skal uansett innmeldast til Noregs geologiske undersøking av brunnboringsfirma. Dette gjer mellom anna at kommunen kan ta naudsynte omsyn til brunnen før han godkjenner septikanlegg eller andre inngrep i nærområdet. Innrapporteringa er pålagt borefirmaet gjennom Vassressurslova. Ved eldre og uregistrerte brunnar som ikkje er synlege i Nasjonal Grunnvannsdatabase (GRANADA) kan Forenklet brønnskjema benyttast av brunneigar sjøl.

Må naboen verte varsla før ein borer?

Prinsipielt er svaret nei, så lenge ein ikkje kjører over eigedomen hans / hennar eller borer inn på hans/hennar grunn. Nabovarsel kan vere aktuelt der kommunane praktiserer melde- eller søknadsplikt. Det er difor betre å spørre ein gong for mykje enn ein gong for lite. Sjølv bagatellmessige krenkelsar av annan manns eigedom kan av og til utløyse sterke reaksjonar og øydelegge nabotilhøve for lang tid.

Løner det seg å samarbeide med naboar om felles grunnvassboring?

I mange tilfelle vil det løne seg å samarbeide om felles vassforsyning eller påkobling mot vederlag til eksisterande brunn. Der ein brunn eksisterer og ein vurderer å koble til fleire husstandar kan ein rørleggar eller brunnborar relativt enkelt på førehand rekne ut om vasskapasiteten er tilstrekkeleg. Der to eller fleire naboar ønskjer ny vassforsyning må ein vurdere grøftelengder for vassleidningar til felles brunn opp mot kostnadene ved fleire boringar. Fordelen med at naboar borer kvar sin brunn er at to brunnar truleg vil gi meir vatn enn ein brunn, og ein slepp lange tilføringsleidningar. På den andre sida - er det nok vatn til ein husstand i ein brunn er det oftest òg nok til to, og ein boring er billigare enn to. Fordelen med felles løysing er at ein då lettare kan handtere fordelingskonfliktar der eigedomar/borestader ligg så nære at brunnane kan påverke kvarandre. Felles prosjekt er generelt billigare, økonomisk risiko spreiast, og ein står friare til å velje optimale stader for brunnboringa. Ei samarbeidsløysing vil krevje at ein har ein god og ryddig skriftleg kontrakt på førehand om kostnadsfordeling, rett til vassuttak, samarbeidet si varigheit og liknande. Ver óg oppmerksam på rapportering av vannverksdata til Mattilsynet i slike tilhøve.

Er skråboring under annan manns eigedom tillaten?

Utan avtale har ein ikkje høve til å bore skråbrunn frå eigen grunn og inn på undergrunnen til naboens eigedom. Gjer ein dette kan ein risikere at brunnen må attfyllas. Brunnar skråbora før loven tredde i kraft kan fortsatt ta ut så mykje vatn som er tillaten til eige bruk. Skulle ei slik skråboring vere teknisk å føretrekke i dag må ein få skriftleg avtale med naboen om dette, eller det kan i særskilte tilfelle skje gjennom ekspropriasjon etter Lov om oreigning av fast eigedom.

Kor nært naboeigedom kan ein bore?

Ein kan legge ein brunn heilt inntil grensa til naboeigedomen. Har ein eit brunnhus av ein viss storleik over brunnen, og brunnhuset ligg nærare naboen sin eigedom enn 4 meter, må dette godkjennast av kommunen etter nabovarsel.

Finst det avgrensingar på vassuttak frå ein brunn?

Vassressurslova inneheld føresegner om at uttak av grunnvatn skal avgrensast til det grunnvassmagasinet toler. Denne føresegna gjeld for alle tiltak uavhengig av om det krev konsesjon eller er konsesjonsfritt. Ved utpumping av grunnvatn vert det danna ei senkingstrakt i grunnvasspegelen. Med grunnvassmagasinet si toleevne meiner ein at denne trakta skal halde seg på eit permanent nivå og ikkje verte djupare for kvart år som går.

Korleis fordelast vassuttaket mellom nabobrunner under normale tilhøve?

Hovudregelen angåande eigedomsretten til grunnvatn under normale tilhøve er som følger: "Grunnvannet tilhører eieren av den grunn som grunnvannet befinner seg i eller under..... Ligger en grunnvannsførekomst under flere eiendommer, ligger den til eiendommene som sameie med et partsforhold som svarer til kvar eiendoms areal på overflaten". (Vannressursloven §44). Dersom ei brunnboring på ein eigedom fører til at naboeigedomen mister grunnvasstilførsla si frå same grunnvassførekomst, kan det følgeleg verte ei erstatningssak. Men hovudregelen er altså at grunneigarane står som sameigarar av grunnvassakviferen, og tap dekkast difor berre i den grad grunneigaren mister meir enn sin rettmessige del av grunnvassuttaket (jf. Vannressurslovas §44 om deling i tilhøve til eigedomane sitt areal). Berre den del av skade/tap frå eit lovleg tiltak som er "urimeleg" eller "unødig" dekkast - nærare formulert i Vannressursloven § 49 og Grannelovens §2, 2.-4. led. I prinsippet heng alt grunnvatn meir eller mindre saman gjennom eit lite føreseieleg nettverk av porer og sprekkar i lausmasser og fjell. Det er difor vanskeleg å avgjere kor grensene for ein grunnvassakvifer går, og regelen om deling etter areal er ikkje alltid så lett å handtere i praksis.

Særskilt for energibrunnar: To brunnar som vert liggande for nær kvarandre kan redusere energiuttaket frå kvarandre - så hald størst mogleg avstand til eksisterande energibrunnar. Ved 5 meters avstand kan dei redusere kvarandre sitt energiuttak opp mot 50%, medan ved 30 meters avstand vil dei vanlegvis redusere kvarandre sitt energiuttak mindre enn 10%.

Kan enkelte brukarar verte prioritert under knappleikssituasjonar / tørkeperiodar?

Under særskilte knappleikssituasjonar kan Vassdragsmyndigheten NVE etter kravsmål treffe nærare vedtak om fordelinga og gjennomføring av vassuttak, og under dette ta omsyn til behov samt "bakenforliggende eiendommer og allmenne interesser" (Vannressursloven §44, 2. led og §15, 2. og 3. ledd. Dersom vatnet skal nyttast til vanleg hushaldning kan dette prioriterast framfor vatn til husdyr, som igjen prioriterast framfor all anna bruk (Vassressurslovas §15, 2. ledd). Til dømes står vatn til hyttebruk og jordbruksvatning dermed "uprioritert" og likestilt ved ein eventuell knappleikssituasjon.

Kan nabo krevje erstatning for uttak av vatn frå felles grunnvassførekomst, sjølv om han ikkje nyttar han sjølv?

Ein har i utgangspunktet ikkje krav på erstatning for vatn ein sjølv ikkje har behov for å nytte. Det er difor i første omgang berre der direkte tap kan dokumenterast at grunneigarar kan krevje erstatning for vassuttak frå tilgrensande eigedomar. Vassprising praktiserast i nokon grad der vassverk nytter seg av større grunnvassførekomstar i lausmasser – til dømes i form av løpande betaling på 0,50 kr. per kubikkmeter uttatt vatn. Det juridiske rundt temaet er komplisert, og eventuelle spørsmål bør truleg i første omgang rettast til jurist eller advokat.

Ein kan krevje erstatning der andres eller felles drikkevassforsyning inneber anlegg på eigedomen eller der drikkevassforsyninga legg restriksjonar på arealbruken rundt vassinntaket.

Korleis handterer eg ein konflikt som har oppstått?

Det er eit godt utgangspunkt for alle partar i alle konfliktar å innsjå og respektere at motparten i akkurat like stor grad som ein sjølv har rett til å forsvare sine interesser. Forsøk å oppnå ei felles forståing å finne ei løysing som ivaretar alle sine interesser.

Kan eg krysse annan manns eigedom med boreriggen?

Plan- og bygningsloven § 28-3 svarer relativt klart på dette. Kommunen kan tillate at nabogrunn i naudsynt utstrekning vert nytta for utføring av byggje- og vedlikehaldsarbeid - irekna til atkomst, når anten arbeidet ikkje lar seg utføre på anna vis, eller det etter kommunen sitt skjønn vil medføre vesentlege auka kostnader. Før tillating etter pkt. 3 vert gitt, skal naboen gis høve til å uttale seg (nabovarsel). I praksis skal det vektige grunnar til å forhindre at naboen får ta seg over eins eigedom dersom dette er einaste praktiske løysing for å få utført ei brunnboring. Erstatning for skade og ulempe fastsettast ved skjønn.

Kva bør ei kontrakt for brunnboring innehalde?

Ein god kontrakt skal vere utvetydig og ivareta alle partar sine interesser på ei rettferdig måte.