Djuphavet

Djuphavet startar der kontinentalskråninga sluttar, og definerast ofte som område med havdjup over 1800 m, eller områda av havbotnen som ligg på havbotnsskorpe. Hellinga på skråninga er ikkje stor, ofte berre 2-10 gradar, men overgongen til dei flate djuphavsslettene kan vanlegvis lett verta sett på detaljerte djupnekart. Djuphavsslettene har gjerne meir finkorna sediment enn sokkelen og skråninga. I Norskehavet finn me likevel mykje grove partiklar òg i djuphavet, mellom anna stein, grus og store blokkar som vart droppa frå drivande isfjell under istidene.
Skredmateriale frå sokkelen og skråninga har òg mange stadar hamna langt ute på djuphavssletta, gjerne i form av store skredblokkar. Avsetjingar frå turbiditetsstraumar (vasstraumar med høgt sedimentinnhald langs botnen) strekkjer seg fleire stadar hundrevis av kilometer utover djuphavssletta.
Langs midthavsryggen strøymer varme væsker ut enkelte stadar. Her fellast det ut metall, og me finn rike dyresamfunn som lever av dei utstrøymande væskene. I farvatna rundt Papua New Guinea planleggjast no undersjøisk gruvedrift på slike førekomstar.