June 29th 2009

Geiranger: Ei verdsarv vert til

I 2005 vart Vestnorsk fjordlandskap skrive inn på UNESCO-lista over natur- og kulturarven på jorda. For å markere dette har NGU sett opp utstillinga "Ei verdsarv vert til" i Fjordsenteret i Geiranger.

GeirangerUTSTILLING: Norsk Fjordsenter i Geiranger. Foto: Norsk Fjordsenter

UtstillingenPÅ GLASS: Plakatane er trykte på glassplater. Foto: Lisa LøsethUtstillinga fortel dei mange turistane i Geiranger korleis geologiske krefter har forma det unike fjordlandskapet frå for 1500 millionar år sidan og fram til i dag.

Unike fjordar

Fjordar er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden. Vestnorsk fjordlandskap femnar om delar av KallskaretNATUR: I tillegg til verdsarven tek utstillinga for seg Kallskaret naturreservat i Norddal kommune, som er eit område med ultramafiske bergartar og spennande landskap og vegetasjon. Foto: Lisa Løsethdei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda og har trollbunde besøkande til alle tider.

Slike landskapstrekk finst berre i område på kloden der isbrear har påverka landskapet. Klimaendringane under og etter siste istid har dermed vore ein viktig føresetnad for fjordane.

Glad for samarbeid

Utstillinga er laga etter initiativ frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. Stiftinga arbeider med å bevare, utvikle og formidle verdsarven i tråd med UNESCO-konvensjonen og verdsarvutnemninga.

Direktør Katrin Blomvik er glad for samarbeidet med NGU og håper at det kan utvikle seg vidare.

- Formidling av naturverdiar er viktige i verdsarvområda, og i Geiranger er vi bevisste på å formidle at naturlandskapet er danna av geologiske prosessar, seier ho.

Målet er å gi mange av dei om lag 500 000 turistane som vitjar Geiranger årlig, ei ekstra oppleving og forståing av kvifor landskapet er blitt slik. Utstillinga vil bli offisielt opna seinare, i samband med 5-årsjubileet for verdsarvutnemninga i 2010.

Mange involverte

Direktoratet for naturforvaltning sto, i samarbeid med NGU, bak søknaden om verdsarv-status til UNESCO. Øystein Nordgulen frå NGU leia arbeidet med den geofaglege delen av søknaden, med bidrag frå mange NGU-kolleger, andre fagmiljø og ressurspersonar.

Søknaden inneheldt omfattande dokumentasjon om naturverdiane i området, og utstillinga byggjer i stor grad på det som vart skreve i søknaden. Frå NGU har Lisa Løseth og Rolv Dahl vore ansvarlege for utstillinga. Gjennom Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har ei rekkje andre stilt bilete til disposisjon og kome med innspel til teksten.

Om du skal innom Geiranger i sommar, kan ein tur innom Fjordsenteret anbefalast! Kjem du innom NGU i desse dagar, kan du sjå ein miniatyrkopi av utstillinga ved inngangen til kantina.

Fakta:

  • Verdsarvlista vart etablert i 1972 av UNESCO, FN-organisasjonen for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Målet med lista er å verne om kultur- og naturarven på jorda. I mars 2009 er 878 stader i 145 land ført opp på lista. Her finn vi til dømes Grand Canyon, Galápagosøyane og Yellowstone nasjonalpark.
  • I 1979 vart Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje førte opp på lista som dei to første frå Noreg. Seinare har Bergstaden Røros, helleristningsfeltet i Alta og Vegaøyane kome til som kulturobjekt.
  • Vestnorsk fjordlandskap blei innskrive i 2005, som det første norske området med berre naturstatus. Vestnorsk fjordlandskap omfattar eit område ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og eit område ved Nærøyfjorden, dels i Sogn og Fjordane, dels i Hordaland.