Undersjøiske sand- og grusressursar i Troms

NGU-RAPPORT
|
98.102
|
Forfattere
Longva, Oddvar
Mauring, Eirik
Totland, Oddbjørn
|
Utgivelsesår
1998
Publikasjonstype
Utgivelsesår
1998
ISSN
0800-3416
Summary
I september-oktober 1997 utførte NGU eit maringeologisk tokt med forskingsfartyet "Seisma" for å gjere ei regional kartlegging av undersjøiske sand- og grusforekomstar i kyst- og fjordstrøk i Troms. Formålet var å påvise førekomstar som kunne nyttast for uttak av sorterte massar eller som akviferar for salt grunnvatn. I undersøkinga vart det fokusert på relativt store randtrinn og elve-/bekke-delta og vifter. Andre lausmasseakkumulasjonar, som skredvifter og morenelag, kan eigne seg for opptak av massar for ulike formål, gitt at rette teknologi blir brukt. Lokalt kan avsetjingar utanfor mindre elvar og bekkar representere massar som kan utnyttast. 17 randtrinn og 16 delta/vifter er undersøkte for å kartlegge sorterte sand- og grusressursar som kan utnyttast til opptak av massar til ulike formål eller som akviferar for salt grunnvatn. Det er påvist 26 område som ligg grunnare enn 40 m vassdjup som kan eigne seg. Desse områda har eit totalt areal på 1,2 mill m2 og eit sannsynleg lausmassevolum på 61.8 m3. Overflateprøver frå dei fleste lokalitetane er analyserte for kornsamansetjing og mineralinnhald.
Kommune
BALSFJORD
GRATANGEN
IBESTAD
KVÆNANGEN
KÅFJORD
LYNGEN
NORDREISA
SKJERVØY
TJELDSUND
STORFJORD
Fylke
TROMS OG FINNMARK
Tilgjengelig
NGU-biblioteket