Summary
Kvartærgeologisk kartlegging er gjort i målestokk 1:20 000 av dalbotnen i Breim og Sandane, og i målestokk 1:50 000 av grusvifte ved Vereide. Mengde og kvalitetsvurdering av lausmasseførekomstar viser at dei undersøkte førekomstane inneheld 16 - 18 mill. m3 massar. Med eit par unntak ser kvaliteten av massane ut til å fylle dei krava som blir stilte til betong -og vegformål. Resipientvurdering viser at morenen i dei kartlagde områda er sandig og grusig, og kan brukast som resipient for mindre utslepp. Høge veriar av HNO3 - løyseleg kalium i jorda på Myklebust ser ut til å vere forårsaka av høgt glimmerinnhold i lausmassene.