February 4th 2008

Raskare kartlegging av havområde

Regjeringa og statsråd Helga Pedersen foreslår i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga til MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområder) med ni millionar kroner.
GODE BILETE: Det er mange gode bilete å hente fra havbotnen.

- Tilleggsløyvinga gjer det mogleg å kome lenger i kartlegginga av havområda i nord, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Forvaltningsplanen

- Det vil styrkje kunnskapsgrunnlaget for evalueringa av Forvaltningsplan Barentshavet.

 

 

 

GOD PÅ BOTN: Mareano-programmet driv med kartlegging på havbotn.

MAREANO-programmet har som mål å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studium av det fysiske, biologiske og kjemiske miljøet på havbotnen.

Informasjonen vert systematisert i ein arealdatabase for norske kyst- og havområder.

Ekstra tokt

Tilleggsløyvinga gir høve til å gjennomføre eit ekstra tokt for kartlegging av botnforhold, naturlege ressursar og miljøgifter.

Noregs geologiske undersøking (NGU) ser svært positivt på satsinga, og meiner dette er eit signal om ei auka opptrapping av MAREANO-aktiviteten i åra som kjem.

Regjeringa foreslår også ei løyving på fem millionar kroner til oppgradering av Havforskingsinstituttet sitt forskingsfartøy "Johan Hjort".

Ombygginga av fartøyet gjer det mogleg for Havforskningsinstituttet å utnytte dei samla fartøyressursane meir effektivt, og kan gjennom dette bidra til å gi auka fartøytid til Mareano-kartlegginga.