September 2nd 2009

Kårar vår geologiske nasjonalarv

Norsk Geologisk Foreining (NGF) dreg i gang kåringa av Noregs geologiske nasjonalarv. Alle kan kome med forslag, ein bredt samansett jury skal stå for sjølve kåringa i januar 2011.

JutulhoggetEI ARV: Kanskje vert Jutulhogget med i kåringa av Noregs geologiske arv...?- Vårt store geologiske mangfald har hatt mykje å seie for nordmenn gjennom fleire tusen år. Difor er det på høg tid å auke merksemda rundt alt som er sjåverdig i geologien, det vi kan kalla vår felles geologiske nasjonalarv, seier president Arvid Nøttvedt i NGF.

Sjå geoportalen

Noko er unikt for landet vårt, nokre ting er berre spektakulært, andre PrekambriumGNEIS: ...eller er kanskje prekambriske gneisar sjølve nasjonalmonumentet i geologien?ting er vanleg, men fortel oss korleis landet vårt vart skipa til. Atter andre er gode eksempel på geologiske prosessar eller fenomen. Noko vert verdsett i internasjonalt perspektiv, andre egnar seg ypparleg i undervisning.

På geoportalen.no skriv Nøttvedt at norsk geologi har noko for einkvar smak:

- Det gjeld for forskere, studentar, skuleelevar, amatørgeologar, naturinteresserte, og sjølsagt for alle dei fleire tusen geologane som kvar dag arbeider med norsk geologi på ein eller annan måte.

Ei nasjonalarv

Samstundes spør han kor godt norske geologar kjenner til vår eigen arv. I kva grad er folk flest merksame på perlene i norsk geologi? Og vert dei brukt på ein slik måte at dei fremjar kunnskap om naturen og miljøet?

- No set vi i gang ein prosess kor alle kan nominere det sjåverdige i geologien og til slutt være med på å kåre det vi kan kalle eit geologisk nasjonalmonument, seier Nøttvedt.