November 25th 2014

Leitar etter grafitt med straum

NGU-ingeniør Einar Dalsegg festar ein kabel i ein bergnabb ved Nordværnes i Nordland. Snart skal han sende straum gjennom fjellet, og soleis få nye svar om grafitten som ligg gøymt her.

Einar Dalsegg (t.v) og Bjørn Eskil larsen studerer målingar ved sjøkanten på Nordværnes.Einar Dalsegg (t.v) og Bjørn Eskil larsen studerer målingar ved sjøkanten på Nordværnes.



     

Grafitt er eit mineral verda spør meir og meir etter. Kvart år blir det på den globale marknaden omsett  naturleg grafitt for bortimot 6 milliardar kroner. Eit batteri til ein einskild elbil inneheld omlag 35 kg grafitt, og det nye grafittmaterialet Grafén blir omtala som «det mest fantastiske materialet menneskeslekta nokon gong har fått tilgang til» (Teknisk ukeblad, 2013).

Samstundes er EU på jakt etter fleire leverandørar av grafitt, i dag er Kina så godt som einerådande på marknaden.

Einar Dalsegg (t.v) og Bjørn Eskil Larsen testar straumstyrken i berget.Einar Dalsegg (t.v) og Bjørn Eskil Larsen testar straumstyrken i berget.

Leider straum

Grafitt leider straum særs godt. Det er derfor mogleg å kartlegge kor og korleis grafitten ligg, gjennom å sjå kor elektrisiteten møter lite motstand.

Nordværnes-førekomsten i Rødøy kommune har vore kjend i fleire år, her vart det tatt ut grafitt på 1920-talet, og no skal forskarane finne ut meir om storleiken på grafittkroppen og kor djupt i berget den går.

- Utanfrå ser det ut som ein liten og avgrensa førekomst, men lengre ned i berget ser vi spor  etter  mogleg grafitt over eit fire kilometer langt område, seier NGU-geolog Håvard Gautneb.

Dei første karta etter prøvane på Nordværnes. Raudast farge er best leidningsevne.Dei første karta etter prøvane på Nordværnes. Raudast farge er best leidningsevne.

Velbrukt metode

For å få oversikt over grafitt-førekomsten, sett NGU-forskarane straum i berget. Deretter plasserer dei elektrodar i bakken, i heile området, for å måle korleis straumen spreier seg ut frå førekomsten. Målingane blir spora med GPS, og måledataa blir behandla vidare i eit dataprogram. Dette er ein metode som vart bruka mykje før, då det var meir utbreidd gruvedrift og malmleiting i Noreg.

- Vi «ladar opp» førekomsten, og leiter etter «charge potensial». Leidningsevna seier mykje om kva for mineral som ligg i berggrunnen, fortel geofysikar Bjørn Erik Larsen, mens han legg ut kilometervis med kabel langs ei myr på Nordværnes.

Straumsignal

NGU-ingeniør Janusz Koziel har utvikla ein straumsendar og ein mottakar på eiga hand. Desse to einingane fylgjer kvarandre gjennom GPS-tid. Frå ein garasje ved sjøkanten sender han ut straumsignal, to sekund på og to sekund av, mens forskarane gjer sine målingar i berget. Sakte men sikkert teiknar det seg eit detaljert bilde av grafittkroppen.

- Her er det gjort helkoptermålingar tidligare, og vi har difor eit grovt riss over kva for førekomstar som fins. No går vi inn i detaljane, seier Einar Dalsegg. Han har jobba med slike målingar i mange år, og veit kor han skal plassere straumpolane.

Straumsendar og -mottakar er utvikla av NGU-ingeniør Janusz Koziel.Straumsendar og -mottakar er utvikla av NGU-ingeniør Janusz Koziel.

Støtte frå regjeringa

Prosjektet Mineralressursar i Nord-Noreg (MINN) har i stor grad dreidd seg om å kartleggje geologien frå fly og helikopter. Denne hausten startar MINN2, kor målet er å ta undersøkingane ned på landjorda, og gå inn i djupet og detaljane.

I regjeringas forslag til statsbudsjett denne hausten, vart det løyva nye pengar til å gå vidare med desse undersøkingane. Kartleggjinga av grafitten på Nordværnes er eit godt døme på det, her er også Meløy og Rødøy kommune og Nordland fylkeskommune med på finansieringa.

- Vi har god oversikt over korleis berggrunn og mineralar ser ut «oppe i dagen». Nå handlar det om å sjå nærare på dei mest interessante førekomstane, seier Jan Steinar Rønning, leiar for Laget for anvendt geofysikk på NGU.

Verdfullt mineral

I tillegg til Nordværnes ynskjer NGU å gjere liknande undersøkingar i Lofoten, Vesterålen og på Senja. Skulle undersøkingane avdekke større felt med grafitt, der kvaliteten er god, kan det vere interessant å hente den ut.

- Den norske flakgrafitten held høg kvalitet. Den leider straum, og tåler både høg temperatur og høg grad av kjemisk påverknad. Derfor blir den nytta i alt frå elbilar til ildfaste smeltediglar, seier Håvard Gautneb.

Tidlegare i sumar, var han på Nordværnes og tok prøver som viser at kvaliteten er god, men "gehalten" - innhaldet grafitt i berget - er relativt låg. Dette, i tillegg til målingane som geofysikarane no har gjort, vil bli lagt til grunn når potensialet for næring skal vurderast.

- Vi anbefaler at det no blir gjort kjerneboringar, slik at vi kan finne ut korleis berget ser ut ennå djupare ned, og korleis grafitten trer fram der, seier Gautneb.