Tenester

NGU er til for deg som brukar. Her finn du nokre av våre tilbod til deg. Me tilbyr ei rekkje tenester. Mellom dei mest sentrale er laboratoriet, det offentlege biblioteket og svartenesta om geologi. Me har òg eit biletarkiv som dokumenterer vår aktivitet gjennom NGUs meir enn 150-årige historie.

Offisielle geologiske data, bilete og tekst som er lagt ut på ngu.no, eller som finnast publisert på papir (kart, publikasjonar), kan fritt brukast, med føresetnad om at kjeldetilvising (minimum Noregs geologiske undersøking) oppgjevast.