Mikrobiologi

Kva er mikrobiologisk vasskvalitet?

Mikrobiologisk vasskvalitet seier noko om den hygieniske kvaliteten. Gjennom mikrobiologiske analysar får ein oversikt over tala og type mikroorganismar (virus, bakteriar, sopp eller parasittar/protozoar) som finst i ei vassprøve. Norske vassverk analyserar på følgande indikatorbakteriar, som fastsett i Drikkevannsforskriften, for å undersøkje om drikkevatnet er helsemessig trygt: Koliforme bakteriar, Escherichia coli (E. coli), Intestinale enterokokkar, og Clostridium perfringens.

Kva slags mikrobiologisk vasskvalitet kan eg forvente?

Dersom det ikkje er nokre mikrobiologiske forureiningskjelder i nærleiken, skal den mikrobiologiske vasskvaliteten normalt vere god. Diverre er det ikkje mogleg å gi nokon garanti, fordi grunnvatn som vert pumpa opp frå borebrunnar, kan ha strauma gjennom fjellsprekkar (brunn i fjell) eller grovkorna lausmasselag over store avstandar før det har nådd borebrunnen. Ein kan gjere mykje for å sikre ein god mikrobiologisk vasskvalitet ved å sørge for ei god utforming og verning av drikkevassbrunnen.

Kva er fekale indikatorbakteriar?

Dette er bakteriar som i seg sjølv ikkje er sjukdomsframkallande, men som normalt finst i avføring frå menneske og/eller dyr. Dersom desse vert påvist i drikkevatnet, tyder det at vatnet er forureina med slik avføring. Det kan difor innebere ein helsemessig risiko å drikke dette vatnet. Analyse av dei sjukdomsframkallande smittestoffa er komplisert, dyrt og krev spesialiserte laboratorium. Dei nyttast difor lite i rutinemessig vassovervåking. I staden nyttar ein analyse av fekale indikatorbakteriar fordi desse analysane er enklare og billigare.

Kva for sjukdomsfremkallende mikroorganismar kan det vere i drikkevatnet mitt?

Det finst ei rekke smittestoff, naturlege eller tilført via forureining, som kan valde sjukdom. Dei smittestoffa som er årsak til flest sjukdomstilfelle og utbrot i Noreg er truleg bakterien Campylobacter og Norovirus.

Kor kjem dei sjukdomsfremkallende mikroorganismane frå, og kor bør eg plassere brunnen min for å unngå dei?

Sjukdomsfremkallende bakteriar, parasittar og virus stammar normalt frå tarmen til dyr og/eller folk. Dei vanlegaste forureinings-/smittekjeldene som ei bør unngå er difor:

  • Kloakk og eventuell anna forureining med avføring frå menneskjer, som utedoar, septiktankar, kloakkleidningar og infiltrasjonsanlegg for avløpsvatn
  • Beitedyr (< 100 m frå brunnen) (Cryptosporidium og Giardia)
  • Landbruksaktivitet der det vert gjødsla med naturgjødsel (< 100 m frå brunnen)
  • Stor tettleik av vilt

I tillegg bør ein vere klar over at ville fuglar òg utgjer ein smitterisiko, men desse kan normalt ikkje stengast ute. Sjukdomsframkallande mikroorganismar kan verte tilført brunnen via elver og bekker der desse renn raskt og elvebotnen difor består av grus og stein eller bert fjell. I slike tilfelle bør brunne ikkje plasserast nærare elva/bekken enn omlag 100 meter. Overflatevatn som samlar seg inntil brunnen, kan òg føre med seg sjukdomsframkallande organismar. Det er difor viktig å sørge for ei god utforming og verning av drikkevassbrunnen. I tillegg til å unngå moglege forureiningskjelder, er det ein fordel om borebrunnar i fjell plasserast ein stad der berggrunnen er dekka med lausmasser, gjerne så mykje som 2,5-3 meter. Lausmassene vil vere med på å reinse vatnet som infiltrerer i bakken og hindrar dermed forureininga frå å nå grunnvatnet.

Vert grunnvatnets mikrobiologiske kvalitet påverka av sesong- og klimavariasjonar?

Ja, det finst fleire døme på at grunnvassbrunnar som elles har stabil og god mikrobiologisk kvalitet, vert påverka av ekstremnedbør og flaum. Enten fordi ei auka mengde forureina overflatevatn trengjer inn i brunnen, eller fordi straumingsmønsteret i grunnen endrar seg.

Er brunnvatn alltid trygt å drikke?

Nei, tryggleiken avheng i stor grad av kor godt overflatevatn som infiltrerast i bakken, vert reinsa før det når grunnvatnet. Det er fordi det alltid vil vere ein risiko for at overflatevatnet er forureina. Sjølv om brunnen er dominert av grunnvatn, kan innblanding av sjølv små mengder overflatevatn gjere at vatnet i brunnen vert utrygt å drikke. I tillegg vil nedgravne forureinings- og smittekjelder i nærleiken av brunnen utgjere ein forureiningsfare. Til dømes kan kloakk frå kloakkleidningar lekke ut i grunnen og forureine grunnvatnet.

Når bør eg ta vassprøve dersom eg vil vite om brunnvatnet inneheld bakteriar, virus eller liknande?

Prøvetaking vil oftest ha som formål å avdekkje eventuell risiko for forureining av vatn. Vassprøver bør difor tas i periodar når det er størst fare for at vatnet nyleg er tilført forureining. Dette vil som regel vere under eller etter regnver (særleg om hausten), men risikoen vil òg vere større enn normalt i snøsmeltingsperioden.

Det beste er å ta vassprøver fleire gongar i året, men som minimum bør det tas vassprøver under eller like etter ein kraftig regnversperiode om hausten.

Synlege endringar i vasskvaliteten, som farge eller klarleik (turbiditet), indikerer at overflatenært vatn er komen inn i brunnen. I slike tilfelle er det særs viktig å få vatnet analysert på mikrobiologiske parametrar.

Vassprøver er i utgangspunktet berre stikkprøver som skildrar vatnets tilstand på prøvetakingstidspunktet. Enkeltprøver har difor avgrensa verdi. Fleire prøver over eit lengre tidsrom gir betre informasjon. Kortvarige forureiningsepisodar vil oftest ikkje verte oppdaga ved prøvetaking.

Korleis bør eg gå fram for å ta ei vassprøve for mikrobiologisk analyse?

Vassprøver som skal analyserast for mikrobiologiske parametrar må tas på særskilte flasker og analyserast kort tid (innan 24 timar) etter prøvetaking. Vassprøva bør om mogleg lagrast kjølig fram til ho leverast på laboratoriet. Kontakt det aktuelle laboratoriet for å få prøveflasker og informasjon om prøvetakningsprosedyre, samt avtale tid for levering.

Ei liste over akkrediterte laboratorium som utfører mikrobiologiske analysar finst hos Norsk Akkreditering under Laboratorier

Kva bør drikkevatnet analyserast på?

Sjukdomsframkallande bakteriar og virus stammar normalt frå tarmen til dyr og/eller menneske og det er difor valt ut nokre indikatorbakteriar som vil gi svar på om det finst spor av avføring i drikkevatnet.
 Norske vassverk analyserar på følgande indikatorbakteriar: Escherichia coli (E. coli), Intestinale enterokokkar, koliforme bakteriar og Clostridium perfringens som fastsett i Drikkevannsforskriften. For enkelthusstandar med privat brunn bør ein som eit minimum analysere på bakterien E.coli. Dette for å sjekke om drikkevatnet kan vere infisert av fersk avføring. I tillegg bør ein analysere på koliforme bakterier og kimtall. Dersom ein har mistanke om særskilte problem når det gjeld den mikrobiologiske vasskvaliteten, til dømes relatert til ei mogleg forureiningskjelde, kan ein ta kontakt med det lokale Mattilsynet (tlf. 06040) for å få rettleiing i kva for analysar som bør utførast.

Kva er kimtall, og er det farleg?

Kimtal skildrar mengda naturlege mikroorganismar i vatnet. Høgt kimtal kan skuldast at eit stort tal av desse mikroorganismane veks (biofilmdanning) på boreholsveggen, brunninstallasjonar og / eller på innsida av leidningsnettet. Når delar av biofilmen lausriv seg, vil ein kunne måle høgt kimtal i vatnet. Høgt kimtal er i seg sjølv ikkje farleg, men biofilmen bakteriane dannar kan føre til enkelte problem som auka korrosjon, lukt og brunfarga vatn. Høgt kimtal kan òg indikere at overflatevatn eller overflatenært grunnvatn utan tilstrekkeleg reinsing er komen inn i brunnen. Dette vil kunne oppstå etter kraftig regn eller snøsmelting. Samstundes endring i vatnet sin farge, lukt eller smak styrker ei slik årsaksforklaring. Kimtal forårsaka av overflatevatn eller overflatenært grunnvatn syner at brunnen er sårbar for eventuell forureining. Dette kan indikere at vatnet i brunnen ikkje er helsemessig trygt.

Kva er normalverdiar for kimtall i grunnvatn?

Normalt ligg kimtalet under 10/ml i gode drikkevassbrunnar. Godkjenningspliktige vassverk må foreta årsaksundersøkjingar der verdien overstig 100/ml Drikkevannsforskriften.

Erfaringsmessig vil vatnet frå nyetablerte grunnvassbrunnar i byrjinga ha høge kimtalverdiar. Dette kan stamme frå organisk materiale og overflatevatn som er vorte tilført brunnen under boring.

Kva er E.coli?

E. coli er ein tarmbakterie og utgjer ein del av den naturlege tarmfloraen hos menneske og andre varmblodige dyr. Den formerer seg ikkje utanom tarmen. Ein analyse er enkel å utføre og bakterien nyttast difor som ein indikatorbakterie på fersk fekal forureining. Nokre særskilte underartar av E. coli kan gi sjukdom, mellom anna EHEC (enterohemorhagisk e.coli), og må sjåast på linje med andre aktuelle sjukdomsframkallande smittestoff.

Bør eg desinfisere eller reinse vatnet i brunnen min?

Vassbehandling kan vere aktuelt for å fjerne uønska smittestoff eller kjemiske komponentar i vatnet for å gjere det egna til drikkevatn. For godkjenningspliktige vassverk krev Drikkevannsforskriften at alt vatn skal desinfiserast. Dispensasjon kan givast for grunnvatn, dersom ein kan dokumentere at dette er helsemessig trygt. Det finst ei rekke ulike metodar for desinfeksjon av drikkevatn. Den hyppigst nytta desinfeksjonsmetoden for grunnvatn i Noreg er UV-desinfeksjon. Folkehelseinstituttet har god informasjon om aktuelle behandlingsmetodar for grunnvatn. For å få ein så optimal vassbehandling som mogleg, bør ein nytte konsulent ved planlegging av vassbehandlingsanlegget.