Vassforsyning til Sandsøy og Kvamsøy, Sande kommune, Møre og Romsdal.

NGU har vurdert sjansane for grunnvatn som vassforsyning på Sandsøy, Kvamsøy og Voksa. Ein bora brønn på Sandsøy og Kvamsøy vil truleg gje mindre enn 500 l/time. Boringar mot sprekkesoner kan derimot gje vassmengder mellom 500-2000 l/time. På Sandsøya vert det i fyste omgang tilrådd å måle vassføringa i kjeldene ved Våge. I tillegg er det ønskjeleg å prøvepumpe ein fjellbrønn ved Sandbakk. På Kvamsøya er det mogeleg at vassforsyninga kan baserast på ein gravd brønn i nærleiken av dagens vassverk. Fåre for inntrengjing av saltvatn gjer at boring på Voksa vert frarådd.

Last ned publikasjon

Tilgjengelig:
NGU-biblioteket
Serier:
NGU-rapport
Serienr:
88.165
Page number:
13
ISSN:
0800-3416
Dokumenttype:
Rapport