Skredfarekartlegging i Lærdal i samband med den nye stamveien Oslo-Bergen

Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) har etter oppdrag fra Staterns Vegvesen i Sogn og Fjordane utført skredkart- legging og skredfarevurderinger i Lærdal frå Lærdalsøyri til Borlaug. Undersøkingane har hatt som mål å greia ut skredfaren ved ulike vegstrekningar i samband med den nye stamveien mellom Oslo og Bergen. Arbeidet har omfatta feltkartlegging, gravearbeid, intervju og terrenganalysar. Estimata av skredfare syner at områda mellom Stuvane og Bjørkum austre og ved Voldum er mest skredutsette. Det er særleg stor skredfare langs ein strekning på omlag 400 m ved Sausegjelet og ein strekning på 300 m ved Voldum. Også dei to vegalternativa mellom Lai og Kvenshagen har høg skredfare. Relativ høg skredfare er det også langs vegstrekningane ved Lærdalsøyri-Nedre Eri, Sæltun-Koret, Heggset-Bjøraker og Bjøraker-Borlaug. Vurderingane syner at vegtraseane mellom Lai og Kvenshagen har omlag dobbel så stor skredfare som vegtraseen mellom Heggset og Bjøraker. Estimeringane av skredfare kan brukast i konsekvensanalysar for å vurdere skredrisoko ved ulike vegalternativ (tal for skredfare og tal for trafikk). Desse tala kan vidare brukast til å vurdera i kva område skredsikring har størst effekt. For å sikra at talmaterialet blir brukt på ein rett måte rår vi til at NGU og HSF blir med på desse analysane. Sikring mot snøskred ved Sausgjelet, Voldum og ved Kvenshagen kan redusera skredrisikoen i desse områda. Slike tiltak er ikkje vurdert i denne rapporten. Det bør også vurderast sikring mot steinsprang fleire stader, særleg i samband med tunnelinnslag.

Last ned publikasjon

Tilgjengelig:
NGU-biblioteket
Serier:
NGU-rapport
Serienr:
96.055
Page number:
60
ISSN:
0800-3416
Dokumenttype:
Rapport