Selen og multippel sklerose i Norge.

NGU-RAPPORT
|
84.114
|
Forfattere
Brørvik, Knut
|
Utgivelsesår
1984
Publikasjonstype
Utgivelsesår
1984
ISSN
0800-3416
Summary
Rapporten er ei særoppgåve til medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Trondheim, og er resultat av eit samarbeid mellom NGU og institutt for samfunnsmedisin. Ein hypotese foreslår selenmangel som årsak til multippel sklerose (m.s) da selen trengst i eit enzym som beskyttar biologiske membramar mot oksydativ nedbryting. Noreg blei delt inn i 193 områder med minst 10.000 innbyggjarar. Ut frå 500 mose- og humusprøvar av selen, brom og bly vart det estimert verdiar av desse for områda ved kriging, ein geostatistisk metode. For dei same områda vart det rekna ut ein relativ m.s. forekomst (observert rate/ aldersjustert forventa rate). M.s.-data og geokjemiske data blei så korrelert. Innan helseregion 1 og 2 var det negativ signifikant korrelasjon mellom m.s. og selen, brom og bly. I helseregion 3 og 5 var det ingen korrelasjon. Brom var sterkare negativt korrelert med m.s. enn selen og bly. Resultata stør hypotesen om at selenmangel kan gje m.s., men kan og bety at ein anna nedbørskorrelert faktor er årsak til m.s.
Tilgjengelig
NGU-biblioteket