Salt industrigrunnvann. Delprosjekt: Oppfølgende geologiske og geofysiske undersøkelser av fjorddeltaet på Sunndalsøra, Møre og Romsdal

NGU-RAPPORT
|
93.035
|
Forfattere
Soldal, Oddmund
Rye, Noralf
Mauring, Eirik
Halvorsen, Erik
|
Utgivelsesår
1993
Publikasjonstype
Utgivelsesår
1993
ISSN
0800-3416
Summary
Fjorddeltaet på Sunndalsøra er undersøkt ved boringar med uttak av vass- og sedimentprøvar, samt geofysiske undersøkingar. Deltaet er av fleire generasjonar og er oppbygd av minst 400 m mektige laus- massar i sentrale delar. Den øvste delen er avsett i Holosen, to dateringar viser at avsetningane i ytre deltaområdet er yngre enn 2000 år. Deltaet byggjer seg ut ca 1 m pr. år og vertikal oppbygging er estimert til ca 5 cm pr. år. Skiftande posisjonar til elveløpa har ført til ei syklisk veksling i kornstor- leik. Fordelinga mellom salt og ferskt grunnvatn er styrt av skilnaden i spesifikk vekt, dei hydrauliske gradientane og den hydrodynamiske dispersjonen. Nær elvane er påtrykket av ferskvatn størst og mykje elvevatn vert infiltrert inn i akviferen. Kanalar og andre forsenkningar på deltaflata er utstrøymings- område for grunnvatnet. I midtre delar av deltaet er inntrenginga av salt grunnvatn størst. Blandingsgraden mellom salt- og ferskvatn dominerer ionesamansetninga av vatnet. I det ferske vatnet er også adsorbsjon, ionebytte og forvitring viktig for den kjemiske samansetninga av vatnet.Georadar- og geoelektrisk profilering viser fordelinga av salt og ferskt grunnvatn og kan brukast til å estimere den hydrauliske gradienten og straumretningane til grunnvatnet.
Kommune
SUNNDAL
Fylke
MØRE OG ROMSDAL
Tilgjengelig
NGU-biblioteket