21. april 2021

Vellukka marine «koronatokt»


Forskingsfartøyet «G.O. Sars» av Bergen seglar med strenge smitteverntiltak om bord. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI
Strenge smittevernreglar og gode risikovurderingar har gjort det mogleg å gjennomføre alle Mareano-tokt som planlagt det siste året.

- I starten av koronapandemien i mars 2020 vart det utarbeidd detaljerte retningsliner for korleis tokt kunne gjennomførast i regi av Mareano-programmet, fortel Havforskingsinstituttet sin toktleiar Pål Buhl-Mortensen om bord på FF «G.O. Sars».

Dei første 10 dagane av toktet vert det brukt munnbind i samlingar med større grupper. Her er forskarane Valerie Belléc, Karen Gjertsen, Mette Strand, Liv Plassen, Penny Liebig, Stepan Boitsov og Daniel H. Wiberg samla til gjennomgang av toktplanar og prøvetakingsmetodikk i auditoriet om bord på FF «G.O. Sars». Foto: Henning Jensen, NGU

No i vår gjer fartøyet med forskarar og mannskap arbeid utanfor kysten av Trøndelag, og Møre og Romsdal.

Handhygiene og avstand

- Reglane er mange. Vi blir mellom anna oppfordra til 10 dagars heimekarantene og minimal sosial omgang før tokt. Vi er òg færre deltakarar, slik at ingen deler lugar. Vi har gode retningsliner for handhygiene, bruk av munnbind og avstand mellom deltakarane om bord, fortel Buhl-Mortensen.

Ingen har lov til å ta i mot vitjingar eller gå i land ved landligge. Alle fellesareal vert desinfisert med såkalla fogger både tidleg føremiddag og sein ettermiddag. Lugarar vert desinfisert ein gong per dag, og bysse og proviantlager kvar kveld. Det same gjeld trimrommet om bord.

Kriseplan og isolasjon

I tillegg er det utarbeid ein kriseplan med til dømes isolering av personell på eigen lugar dersom det oppstår smitte og utbrot av sjukdom om bord. Skipet har òg eiga sjukestove. Etter kvart mannskaps- og toktpersonellskifte vert det halde eit nytt «covid-19-møte» om alle tiltak og anbefalingar. Reglane vert lempa litt på etter ti dagar på sjøen, då er faren for smitte mykje mindre.

Nye lenestolar og ny sofa i det som tidlegare var eit røykjerom på FF «G.O. Sars». Her er det god avstand mellom Frida Klubb, Karen Gjertsen og Marta Gil Gonzales. Foto: Liv Plassen, NGU

I eit møte med Nærings- og fiskeridepartementet sine underliggjande etatar tidlegare i år, kom næringsminister Iselin Nybø med ros til Mareano-programmet for handteringa av smittesituasjonen.

Både Noregs geologiske undersøking, Havforskingsinstituttet og Kartverket fekk skryt for at dei svært raskt etter utbrotet i fjor vinter klarte å få på plass risikovurderingar og gode smitteverntiltak slik at dei viktige forskingstokta kunne gå av stabelen som planlagt.

Antibac og munnbind er alltid tilgjengeleg i hangaren på fartøyet. Foto: Henning Jensen, NGU

Relaterte prosjekter

Mareano
Mareano kartlegger dybde, bunnforhold, biologisk mangfold, naturtyper og forurensning i sedimentene i norske kyst- og havområder.