25. september 2020

Undersøkjer kvaliteten på stein til veg


NGU-forskarane Anette Granseth og Eyolf Erichsen tar steinprøver frå ei vegskjering i Teveldalen i Meråker. Alle bilete: Gudmund Løvø
MERÅKER: Dei samlar inn og granskar sandstein og gabbro frå Meråker aust i Trøndelag. NGU-forskarar kartlegg kvaliteten på bergartar som skal nyttast til bygg- og anleggsføremål.

For første gong samanstillar Noregs geologiske undersøking (NGU) eit prognosekart for heile Trøndelag fylke, som eit ledd i det såkalla Trøndelagsprogrammet. Karta i målestokk 1:250.000 vil syne variasjon i dei mekaniske eigenskapane i knust berg, eller det som vert kalla pukk.

Verktøy for næringen 

- Dette blir eit godt verkty for industrien. Vi kartlegg kvaliteten på pukk basert på krava som er stilt av Statens vegvesen for stein i berelag, forsterkingslag og vegdekke, fortel forskar Eyolf Erichsen ved NGU.

Saman med kollega Anette Granseth lempar han handstykke av stein frå ei vegskjering i Meråker opp i striesekkar. Seinare undersøkingar på NGU sitt laboratorium gjer det naudsynt å samle heile 60 kilo til ein prøve. Då blir steinen grundig analysert med tanke på krava til byggeråstoff, som er en kombinasjon av fleire mekaniske parametrar.

Rangere bergartar

- Til vegdekke vert det mellom anna stilt krav til knuse- og slitasjemotstand. Ved å vektlegge desse eigenskapane samla kan ein rangere bergartar frå ulike stader etter dei krava som gjeld, seier Eyolf Erichsen.

Her er eit døme på eit kart frå Buskerud over kvaliteten på bergartar.

NGU har også gjort dette arbeidet tidlegare; mellom anna for Nordland og Buskerud fylker, og håper samstundes på at det kan etablerast eit større samarbeidsprosjekt på Austlandet. No køyrer dei to forskarane rundt i Meråker kommune; til ein steintipp og eit pumpekraftverk, vidare til eit pukkverk, nokre stader er vegane stengde med bommar, men bilen vert gradvis fylt opp med steinprøvar.

Tom for byggeråstoff

- Vi ser no at store byar kan gå tom for byggeråstoff, i første rekkje sand og grus, innan overskodeleg framtid. Kostnadane med transport av grus og pukk, inkludert miljøkostnadane med CO2 utslepp, tilseier at transportavstanden bør vera så kort som mogleg, helst mindre enn 30 kilometer. Då må vi òg ha ei ny strategisk tilnærming til kartlegginga, meiner forskarane Anette Granseth og Eyolf Erichsen.

- Vi må sørgje for ei betre ressursutnytting, til dømes ved på sjå nærare på bruk av overskotsmassar frå tunneldriving. Vi må òg tenkje nytt innanfor transport. Mykje meir massar kan fraktast med skip eller tog, meiner dei to.

Med dette instrumentet kan forskarane måle innhaldet av radioaktive element i steinprøvane.

Anette Granseth og Eyolf Erichsen synfer ein steintipp i Meråker med tanke på prøvetaking.

Øyan pukkverk i Meråker driv på bergarten gabbro, men i denne delen av brotet er det mest sandstein å sjå.

Relaterte prosjekter

Trøndelagsprogrammet
Trøndelag fylkeskommune har bevilget 5,6 millioner kroner over tre år til kartlegging av geologiske ressurser i Trøndelag. Norges geologiske undersøkelse (NGU) har gått inn med til sammen 10,4 millioner kroner.