5. november 2014

Store sjansar for gull og andre edle metall

Aust for Narvik i Nordland er det funne eit stort system av gamle bergartsstrukturar som inneheld edle metall. Mest truleg breier systemet seg heile vegen frå Noreg til Sverige, Finland og Russland.

Tine Larsen AngvikPÅ FELT: Tine Larsen Angvik på feltarbeid i Hattfjelldal i haust. No har ho disputert for doktorgraden ved UiT Noregs arktiske universitet. Foto: Gudmund Løvø


     

Det kjem fram i ei doktorgradsavhandling i geologi, som er gjort av Tine Larsen Angvik (33) ved UiT Noregs arktiske universitet og Noregs geologiske undersøking (NGU) i Trondheim.

Utgreiinga viser kva som skjedde etter at det vart danna ei diger fjellkjede frå Noreg, via Sverige og Finland, til Russland for 1,8 milliardar år sidan. Fjellkjededanninga resulterte i vridde og knadde bergartar, som er sett saman av gammal havbunn og vulkansk materiale.

Frakter gull frå djupet

- All rørsle i undergrunnen, og den mjuke deformasjonen av bergartane djupt nede i jordskorpa, har gjort at nokre soner har vist seg å være effektive kanalar for å frakte opplaust gull og andre verdifulle metall til overflata, fortel Tine Larsen Angvik.

Det er i såkalla skjærsoner i deler av grunnfjellet mellom Narvik og svenskegrensa at Larsen Angvik har funnet mineraliseringar av gull og andre edle metall.

Larsen Angvik har funne fleire ulike typar og generasjonar av foldar og forskyvingar, som kan settes i kronologisk rekkefølgje. I studiet er det dokumentert to ulike epokar der berggrunnen er folda, omtrent som når ein krøller ein duk bortetter bordet.

Utvikling i geologisk tid

Seinare er systemet ytterlegare to gonger vorte sidelengs forskyva på eit vis som kan samanliknas med to klossar ved sida av kvarandre i rørsle i kvar si retning. Forskyvinga har gått føre seg på eit så stort djup at både trykk og varme har gjort bergartane nesten like føyelege som plastilin.

- Det er i dei to seinaste forskyvingsfasane vi har funne gull, fortel Larsen Angvik.

I tillegg til gull frå sjølve fjellkjeda, er det også avdekt ulike andre typar metallmineraliseringar. Larsen Angvik har i doktorgradsarbeidet laga ein detaljert geologisk modell som syner utviklinga i geologisk tid, ein modell som kan brukast i jakta på større anrikningar av fjellkjedegullet.

Geolog og friluftskvinne

Tine Larsen AngvikGULL: Tine Larsen Angvik er frå Geilo, men er no busett i Rissa utanfor Trondheim. Foto: Håvard GautnebTine Larsen Angvik er geolog frå UiT og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Ho har arbeid som geolog ved Store Norske Spitsbergen Kullkompani og er no tilsett som forskar ved NGU.

Larsen Angvik er opphavleg frå Geilo, men bur på eit småbruk på Fosen utanfor Trondheim.

Ho er toppturentusiast med stor sans for ekspedisjonar og lange turar i nordområda.