7. oktober 2019

Staten satsar på kystnær kartlegging


Staten satser meir mot kysten i framlegget til statsbudsjett for 2020. Foto: Gudmund Løvø
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 13,8 millionar kroner i 2020 til eit prosjekt om kystnær kartlegging. Noregs geologiske undersøking (NGU) er ein av partnarane som vert tilgodesett.

- Vi veit for lite om kordan det ser ut under havoverflata langs Norskekysten. Regjeringa vil derfor gjere ein ekstra innsats for betre kartlegging av ressursane i kystsona. Det vil gje oss betre næringsutvikling, miljøvern og ein meir berekraftig forvalting av kystsona, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i samband med forslaget til statsbudsjett for 2020.

Ho fortel at den nye satsinga inneber ei investering på til saman 84, 6 millionar kroner over tre år, og at dette skal finansierast i eit spleiselag med kommunar, fylke og offentlege etatar.

- Dette er vi særs glade for, seier direktør May Britt Myhr ved NGU, - arbeidet vil vere starten på noko som kan bli eit komplett og solid kunnskapsgrunnlag for forvalting av kystsona i Noreg.

Tre pilotområde

Samarbeidsprosjektet, som er arbeidd fram av NGU, Havforskingsinstituttet (HI) og Kartverket, vert altså forankra i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og skal strekke seg over tre år.

- Ja, dette er eit pilotprosjekt som vi har arbeidd ganske lenge med å få på plass, seier leiar Reidulv Bøe ved NGU sitt maringeologiske lag. - Fram til og med 2022 skal vi kartleggje nye Stavanger kommune, som frå årsskiftet òg dekkjer Finnøy og Rennesøy, Nordre Sunnmøre, som mellom anna inkluderer nye Ålesund kommune, og Skjervøy og Kvænangen kommunar i Troms, forklarer Bøe.

Økonomisk verdi

Spesialrådgjevar Jan Høst ved NGU fortel at ein forenkla samfunnsøkonomisk analyse frå selskapet Metier har synt at nye marine grunnkart i dei tre føreslegne pilotområda vil ha stor økonomisk nettoverdi. - I tillegg kjem positive effektar i sysselsetjing, kunnskapsbasert forvalting, berekraftig miljøvern, tryggleik og beredskap, påpeikar Høst.

I framlegget frå regjeringa er det lagt opp til eit spleiselag. Staten skal etter alt å døme løyve halvparten av kostnadene. Resten av pengane vert skaffa til veie av kommunane og fylka, og av dei tre utøvande institusjonane.

Nasjonalt program

Prosjektet skal kartlegge både botntilhøve, biologi og geologi i nære kystområde, og utarbeide kart- og datatenester fritt tilgjengeleg for alle. Kartlegginga skal gå føre seg frå fjæresteinane til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Prosjektet omfattar også testing og utvikling av nye metodar som kan gje auka framdrift i datafangst og ressurskartlegging.

- I dag er berre ti prosent av kystområda våre kartlagd med omsyn til dei geologiske kartprodukta som skal utarbeidast. Vi voner at vi kan finslipe eit effektivt samarbeid mellom Kartverket, HI og NGU. Når vi har levert gode og brukarvenlege produkt frå dette pilotprosjektet, er målet å etablere er eit nasjonalt program som kan dekkje heile kysten vår, frå Grense Jakobselv til Svinesund, seier NGU-direktør May Britt Myhr.

I framlegget til statsbudsjett for 2010 føreslår regjeringa samstundes ein samla reduksjon i løyvingane til kartleggingsprogrammet MAREANO på 10,8 millionar kroner. Dette programmet kartlegg norske havområde i eit samarbeid mellom NGU, HI og Kartverket.

Bildet viser May Britt Myhr ved fjorden.
- Arbeidet vil vere starten på noko som kan bli eit komplett og solid kunnskapsgrunnlag for forvalting av kystsona i Noreg, seier direktør May Britt Myhr. Foto: Gudmund Løvø