30. mai 2013

Slik ser flomvifta i Kvam ut

Slik ser Kvam sentrum ut når vi fjernar all vegetasjon og alle bustader. Gjennom 11.000 år har elva frå sidedalen Veikledalen bygd opp ei stor vifte med avsettingar frå flom og flomskred.

- Forbygging av bekkane stabiliserer løpa, men dei fryktelege hendingane sist veke syner at det ikkje er lett å spå kva som skjer når dei virkeleg store flommane kjem. Med geologiske briller er det ikkje vanskeleg å sjå at nokre stader er meir utsett for naturkreftene enn andre, seier forskar Anders Romundset ved Noregs geologiske undersøking (NGU) etter flommen som råka Kvam sist veke.

KvamFigur 1 syner korleis Kvam-vifta ser ut i skuggelagte laserdata (målestokk 1:15.000), og korleis denne geologiske formasjonen skiljer seg ut frå terrenget rundt.

KvamFigur 2 gjev eit nærare laserbilete (målestokk 1:4000) av den store vifteforma, der to aktive bekkefar (Storåa og Veslåa) trer tydeleg fram, medan det elles er vegar og planerte hustomter som dominerer finmosaikken.

Landskapet

Kvam sentrum er i dag eit nedslåande - men like fullt eit svært godt - døme på korleis geologiske prosessar virkar og arbeider med landskapet vårt. Vatn grev ut, transporterer og legg frå seg enorme mengder sand, grus og stein.

NGU startar i år opp kvartærgeologisk kartlegging av kartbladet Vinstra, der også Kvam blir dekt. Arbeidet er del av den systematiske, landsdekkande kartlegginga til NGU og skjer uavhengig av flomkatastrofen på Kvam. Hendingane syner likevel relevansen av geologisk kartlegging og kunnskap.

- Der ein trong sidedal munnar ut i eit større og slakare dalføre, mistar vatnet frå sidedalen mykje av transportkapasiteten sin og materialet blir spreidd ut og samla i ei vifteform. Dette er ein vanleg situasjon i Gudbrandsdalen, fortel Romundset. Det er behandling av laserdata frå Kartverket som kan få fram dette avkledde landskapet, fritt for vegetasjon og bustader.

 Figur 3 viser eit anna døme på ei laserskanna flomvifte litt lenger sør i Gudbransdalen, der elva Augla renn ut i Lågen frå ein liten og bratt sidedal, ikkje ulikt Veikla ved Kvam. Denne sideelva er ikkje forbygd og vatnet har fått spreie seg som det vil. Alle bekkefara og nedskjeringar etter større og mindre flommar syner korleis ei aktiv vifte ser ut.

Laser fra fly

Den geologiske kartlegginga skjer hovudsakleg i felt og ved hjelp av flybilete, men i seinare år har geologane ved NGU også nytta laserdata som blir innsamla frå fly. Slike data gjev eit svært detaljert bilete av bakken.

- Vi startar opp dette arbeidet i år og reknar med å ha kartbladet Vinstra ferdig etter 2-3 feltsesongar. Det nye kartet blir da tilgjengeleg for alle frå NGU si nettside,  avsluttar Romundset.