9. september 2013

Skryt av NGU sin kommunesatsing

Nettenesta ”Geologien i min kommune”, som NGU lanserte i mars i år, får mange gode tilbakemeldingar frå brukarane. Det syner ei ny undersøking frå Asplan Viak.

Geologien i min kommuneFRONT: Inngangen til nettenesta skjer frå ngu.no si frontside.

Per RyghaugPÅ PLASS: Sjefingeniør Per Ryghaug har vore NGU sin prosjektleiar for den nye tenesta.Konsulentselskapet Asplan Viak gjennomførte i juni ei undersøking for NGU for å finne ut kor godt nøgde brukarane i kommunane er med den nye nettenesta «Geologien i min kommune».

Resultat av ein dialog

Samstundes følgde dei opp tidlegare undersøkingar om korleis geologiske data vert brukt og forstått av kommunane, særleg i spørsmål knytt til arealplanlegging.

- Resultata er svært gode. Fleire i undersøkinga peikte på at det var ”overraskande at ein statsetat har tatt seg bryet med å lytte til brukarane”, og at det var positivt at nettenesta er resultat av ein dialog. Det er ei fin tilbakemelding, meiner prosjektleiar Per Ryghaug ved laget for Geomatikk.

Betre aktsemdkart

Han har hatt sju pilotkommunar og ei rekkje NGU-medarbeidarar med seg i prosjektet, og vart glad då resultata frå undersøkinga var lagt fram i slutten av august.

Hovudfunna i undersøkinga er at kommunane arbeider systematisk med bruk av geologiske og geotekniske data i planprosessar, og at det er aktsemdkart som får klart mest merksemd.

- Her kjem det som venta fram at kommunane også ønskjer auka presisjon på aktsemdkarta. Dei er mellom anna svært opptekne av skredhendingar, og treng kart som er meir detaljerte enn det vi kan tilby i dag, seier Per Ryghaug.

Inngang frå frontsida

Undersøkinga syner generelt sett at nettenesten ”Geologien i min kommune”, som har inngang frå ngu.no si frontside, er særs godt motteke. Kommunane peiker likevel på ein del forbetringar som kan gjerast, etterlyser mellom anna flybilete, ein temavegledar for geologi i arealplanlegging og ei betre marknadsføring av tenesta. 

Dei ønskjer også meir detaljerte berggrunn- og lausmassedata. Dei etterlyser mellom anna landsdekkjande data om kvikkleire - også utløpsområda – og fleire data om radon, marin grense, djup til fjell, sjeldne og verneverdige geologiske førekomstar, og å kunne dele geotekniske undersøkingar i heile landet.

Vidare marknadsføring

- Fleire av forslaga frå kommunane er allereie tatt tak i. Marin grense er til dømes lagt inn i kartløysninga. Spørsmål om skreddata blir tatt opp med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som tek over ansvaret for skreddata frå 2014. Samstundes er det utvikla ein ny registreringsmodul for innrapportering av skredhendingar. NGU er også i gang med å klargjøre geotekniske grunnundersøkingar og geologisk mangfold for tenesta, seier Per Ryghaug.

Han påpeikar at ”Geologien i min kommune” skal synleggjerast og marknadsførast betre ut over hausten og vinteren. Å treffe kommunane på deira møtestader eller halde samlingar med fleire kommunar, er noko av det prosjektleiinga ser nærare på.