20. april 2010

Skredforsking gav gull

Då Astor Furseth gjekk av med pensjon, vart den kjende lokalhistorikaren engasjert av Noregs geologiske undersøking (NGU) for å samle fakta om skredulukker. No har han motteke Kongens fortenestemedalje i gull for sitt virke.

Astor Furseth har motteke medaljenROJAL HEIDER: Astor Furseth har motteke medalja. Foto: Norddal kommune.Femten år er gått sidan Astor Furseth fekk pensjon, men den gamle distriktstannlegen frå Norddal har aldri kvila på sine laurbær. Sidan den tid har han jobba som lokalhistorikar, skredforskar og forfattar.

Engasjert

Furseth har dokumentert skred over heile landet, og har skrive fleire bøker om emnet. Han har vore særskild engasjert i Tafjordulykka. I 1934 råka eit skred heimkommunen til Furseth, Norddal, og tok 40 menneskjeliv.

Historiene til dei som overlevde skredet, var starten på Astor Furseth sitt engasjement for skredkartlegging og -sikring. Han har jobba for å få på plass overvakinga knytt til Åknes/Tafjord, og skal ha mykje av æra for at det no finst eit svært avansert overvakingssystem som gjer at folk kan ferdast og bu trygt langs fjordane.

Heidra

Dette engasjementet var ein viktig grunn til at Norddal kommune tok initiativ for å sikre Furseth rojal heider. Innstillinga er no teke til følgje og måndag 19. april mottok han Kongens fortenestemedalje i gull grunna sitt lange og omfattande virke innanfor skredforskinga.

Medaljen vart overrekt av Fylkesmann Lodve Solholm under eit middagssamkome i Norddal, og er eit handfast prov om at Furseths innsats har vore av ekstraordinær nasjonal og samfunnsmessig verdi.

Astor FursethI FJELLET: Astor Furseth er ein god forteljar som gjerne held foredrag om forskninga si der ho høyrer heime.