13. desember 2019

Pris for Årets publikasjon ved NGU


VINNARANE: Louise Hansen, Georgios Tassis og Fredrik Høgaas har laga Årets publikasjon ved NGU. Her tek dei imot prisen frå avdelingsdirektør Øystein Nordgulen.
Forskarane Louise Hansen, Georgios Tassis og Fredrik Høgaas er heidra med pris for Årets publikasjon ved NGU. Artikkelen gjev ny kunnskap om avsette sanddyner på Austlandet.

Her er juryens grunngjeving:

I 2019 har mange på NGU bidratt med interessante artiklar. Prisen i år går til ein artikkel som set søkelyset på prosessar som har forma landskapet. Publikasjonen bygger på data som vart samla inn i samband med kvartærgeologisk kartlegging på Austlandet i eit område nord for Kongsvinger.

Frå sand til vatn

Arbeidet omfattar ei kombinert morfologisk, sedimentologisk og geofysisk undersøking av tjukke, sand-avsetjingar som vart danna i Østerdalen under tappinga av Nedre Glomsjø ved slutten av siste istid. Prisen for årets publikasjon går til ein artikkel som har lagt fram ei ny tolking av opphavet til store sanddyner som gjennom lang tid har vore sett på som vindavsette.

Artikkelen viser at vidstrakte område med store sanddyner, som tidlegare var tolka som vindavsette former, no viser seg å ha blitt avsette i vatn. Avslørande spor etter slike prosessar er funne i vertikale snitt gjennom sanddynene der det finst klassiske vassflukt-strukturar som bryt gjennom sandlaga. Det er også lagt fram ein sedimentologisk modell som forklarer korleis store sanddyner med slike strukturar kan oppstå i samband med ein ekstremflaum. Resultata bryt dermed med tidlegare veletablerte teoriar om at store sanddyner må vere vindavsette.

Glimrande døme

Arbeidet viser også korleis andre typar av deformasjonar i sandavsetjingar kan oppstå i samband med ei katastrofal tapping av store vassmagasin.

Resultata vil ha mykje å seie for korleis vi forstår nedsmeltinga av innlandsisen, der tapping av is-sjøer har spelt ei større rolle enn ein har trudd hittil. Konsekvensen av arbeidet er at ein ikkje kan legge til grunn at store sanddyner på land er avsette av vind, men heller kan vere eit resultat av flaum. Dette er derfor et glimrande døme på korleis moderne kartlegging med bruk av lidardata, geofysiske metodar og feltkartlegging gjev grunnlaget for banebrytande forsking. Resultatet av dette blir betre geologisk kunnskap som i sin tur kan brukast i framtidig kartlegging.

Referanse: Louise Hansen, Georgios Tassis & Fredrik Høgaas (2019): Sand dunes and valley fills from Preboreal glacial-lake outburst floods in south-eastern Norway – beyond the aeolian paradigm. Sedimentology 66.