3. juni 2019

Oppdatert database over farlege fjell


Oksfjellet i Kåfjord i Troms er kartlagt med behov for periodisk overvaking. Foto: Halvor Bunkholt
25 nye fjellparti er risikoklassifisert og registrert i fjellskreddatabasane til NGU og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Ingen av dei har behov for kontinuerleg overvaking.

Dei nye kartlagde fjellpartia ligg i Troms, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland.

- Mellom dei 25 fjellpartia er det berre tre fjellparti som har behov for periodisk overvaking. Det er ingen som har behov for kontinuerleg overvaking, fortel seksjonssjef Lars Harald Blikra i NVE.

Meir informasjon

Dei tre nye fjella, som er sett opp med periodisk overvaking, er:

Kartleggjinga og risikoklassifiseringa er eit nasjonalt kartleggjingsprogram som utførast av NGU på oppdrag frå NVE.

- Databasen inneheld no òg meir informasjon og fakta om kva som er undersøkt i fjellpartia, fortel skredforskar Martina Böhme ved Noregs geologiske undersøking.

Den nye informasjonen kjem fram i temakartet «Status», der ein ut frå symbol kan sjå kva slags data ein kan finna:

  • Risikoklassifisert - alle data tilgjengeleg
  • Periodisk måling – målestasjonar visast
  • Kartlagt – lineament visast

Jamleg oppdatering

- Før viste me berre data om «ustabile fjellparti». No viser me òg undersøkte stadar som etter kvart er klassifisert som «steinsprangområde», område som ikkje viser teikn til deformasjon, og område som er usikre sidan dei ikkje har vorte undersøkt, fortel Martina Böhme.

- Den nye versjonen er mykje meir omfattande enn før. Samstundes er databasen dynamisk og innhaldet vert jamleg oppdatert, både med objekt som har behov for overvaking og fjellparti som ikkje treng vidare oppfylgjing.

Kommunane er informert om dei nye ustabile fjellpartia. NVE varslar samstundes at det nasjonale kartleggjingsprogrammet held fram.

 

Bildet viser fjellpartiet Klingråket i Sunndal kommune.
Klingråket i Sunndal i Møre og Romsdal vert òg periodisk overvakt. Foto: Martina Böhme
Bilde av fjellpartiet Klingråket med forklaringer på de ulike delene i fjellet.
Slik forklarar geologane kva me ser i fronten av Klingråket i Sunndal. Foto: Martina Böhme

 

 

Relaterte prosjekter

Fjellskred i Møre og Romsdal
Prosjektet "ROS analyse for fjellskred i Møre og Romsdal" tar sikte på en systematisk kartlegging av ustabile fjellpartier i Møre og Romsdal fylke.
Fjellskred i Troms
Prosjektet "ROS-analyse for fjellskred i Troms" tar sikte på en systematisk kartlegging av ustabile fjellpartier i Troms fylke.
Fjellskred i Sogn og Fjordane
Prosjektet "ROS analyse for fjellskred i Sogn og Fjordane" tar sikte på en systematisk kartlegging av ustabile fjellpartier i Sogn og Fjordane fylke.