5. mai 2016

Nye kart over Saltstraumen


Saltstraumen er ein av landets største turistattraksjonar. No er havet og havbotnen i områda kartlagd av NGU og NIVA.
Under den berømte Saltstraumen utanfor Bodø, skjuler det seg spennande geologi og biologi. No er kystområdet kartlagd, og NGU presenterer ein fersk rapport over verdas kraftigaste tidvasstraum.

Det unike kystområdet i Nordland vart verna i 2013. Det er med bakgrunn i etableringa av Saltstraumen marine verneområde, at Fylkesmannen i Nordland har bestilt marine grunnkart frå NGU. Resultata frå den maringeologiske kartlegginga, vil vere særs viktig for å forvalte området vidare.

- Geologien er grunnlaget for karta som vi no presenterer. Med ny kunnskap om korleis havbotnen ser ut, kor djupt det er og kva for sediment (sand, grus, slam osv..) den består av, kan vi teikne eit ganske nøyaktig bilde av forholda under vatn, fortel prosjektleiar Liv Plassen ved NGU sitt lag for maringeologi.

 

 

- Kartlegginga er viktig i forvaltninga av verneområdet, og gjer det enklare å ta vare på dei mest sårbare naturtypane. Samtidig vil kartlegginga gi ny og spennande informasjon om et naturskjønt rike under havoverflata, seier fylkesmiljøvernsjef i Nordland, Roar Høgsæt.

Dei spesielle strømforholda er bestemt av geologiske strukturar, og har stor betydning for plante- og dyrelivet i området. Å ta vare på sjøbotnen er derfor ein viktig del av verneformålet.

I lag med NIVA

Grunnlaget for den nye rapporten om Saltstraumen, er eit tokt i området med NGU sin forskingsbåt «Seisma» i fjor haust. Havet og havbotnen vart saumfart med multistråleekkolodd og videokamera, og geologane tok opp prøver av sedimenta.

I ettertid har Norsk institutt for vannforskning (NIVA) analysert biologien og registrert naturtypar ut frå videoopptaka, medan NGU sine forskarar har arbeidd vidare med dei geologiske funna.

Resultatet er ein rapport med ulike maringeologiske kart, som kvar for seg gir viktig informasjon:

  1. Botnsediment (kornstorleik)
  2. Djup
  3. Skråning
  4. Ankringsforhold
  5. Gravbarheit
  6. Botnfelling
Botnen på Saltstraumen byr på mykje spennande natur.
Botnen på Saltstraumen byr på mykje spennande natur.

Avansert modellering

Analyseresultata frå NGU og NIVA er óg brukt til å modellere eit kart over naturtypane i området. Dette er gjort med avansert statistisk modellering.

Ut frå NIVA sine registreringar langs 31 liner med videoopptak, har NGU-forskar Thijs Christiaan van Son berekna kva for naturtypar heile det aktuelle havområdet består av.

- NIVA gjennomførte totalt 4689 registreringar av naturtypar langs videolinene i verneområdet. Det er desse registreringane som saman med ulike heildekkande miljølag, er utgangspunktet for å modellere eit slikt naturtypekart, seier van Son.

Viktig for turistnæringa

Dei nye geologiske karta vil vere eit viktig verktøy for turistnæringa i området. Saltstraumen er ein av Noregs mest besøkte naturattraksjonar, og mange bruker havet her til dykking eller båtaktivitetar.

- Dei nye karta vil gi turistane betre informasjon om korleis havet og havbotnen ser ut. Dermed kan dei få enda meir ut av aktiviteten, seier NGU-geolog Oddvar Longva, som har vore med på kartlegginga i Saltstraumen.

Naturtypekartet over Saltstraumen er modellert av NGU, og vil gi ny og viktig informasjon for forvaltninga av området.
Naturtypekartet over Saltstraumen er modellert av NGU, og vil gi ny og viktig informasjon for forvaltninga av området.

Vil kartlegge alt

Kartlegginga av Saltstraumen marine verneområde, føyer seg inn i ei rekke geologiske prosjekt langs kysten. I tillegg til utviklinga av marine grunnkart på Søre Sunnmøre, er det gjort liknande kartlegging i Trøndelag og i Astafjordane i Troms.

Det kan vere mykje å tene på eit slikt prosjekt. Berre for Astafjordane, konkluderte Vista Analyse at kartlegginga ga ein samfunnsgevinst på mange millionar kroner. Ein studie i USA estimerte ei nytte på inntil 35 dollar for kvar dollar som vart investert i kystkartlegging, og i Irland vart den økonomiske nytta berekna til 4-6 gonger kostnadane.

No ynskjer NGU og Kartverket å kartlegge heile norskekysten, og har lansert prosjektet MAGIN (Marine grunnkart i Kyst-Norge).

- Vi kan levere det som trengs for ei god forvalting av areal, miljø og ressursar i kystområda. Det vil óg vere viktige data for Forsvaret, forskingsføremål og fiskerinæringa, seier spesialrådgjevar Jan Høst.

- Fiskarar i andre havområde vi har kartlagt, seier at karta har vorte lommelykta, som gjer det lettare å fiske i mørket. Med ei maringeologisk kartlegging «slår vi på lyset» på havdjupet, seier NGU-geolog Oddvar Longva.

NGU- geologane Oddvar Longva og Liv Plassen under tokt på «Seisma».
NGU- geologane Oddvar Longva og Liv Plassen under tokt på «Seisma».

MAGIN - Marine grunnkart i Kyst-Norge
  • NGU og Kartverket vil sammen med Havforskningsinstituttet lansere prosjektet MAGIN (Marine grunnkart i Kyst-Norge), som legger opp til en kartlegging av hele norskekysten, med en oppstart i sør.
  • Kartverket kartlegger dypene ved hjelp av moderne multistråleekkolodd, og gir et heldekkende bilde av terrengformasjonene på havbunnen (batymetrien).
  • NGU kartlegger geologien. Ut frå en detaljert oversikt over sedimentene på havbunnen, kan det utarbeides kart over bunntype, bunnfelling, ankringsforhold, gravbarhet, bunnformer og skred, miljøgifter og marine naturtyper.
  • Med grønn laser kan en måle vanndypet i strandsonen, og lage en sømløs terrengmodell for land og sjø.
  • Formålet vil være å kartlegge kystsonen fra fjæresteinene og ut til en nautisk mil utenfor grunnlinja.