30. august 2016

Nye kart frå Vesterålen


Geologane Ola Lutro og Henrik Schiellerup har mellom anna arbeid i Vesterålen i sommar. Her er dei i Kvæfjord kommune på Hinnøya.
HINNØYA: Gamle kart vert nye. Geologar frå Noregs geologiske undersøking har i sommar kartlagt berggrunnen på dei midtre delane av Hinnøya i Nordland og Troms.

- Ein god del er feil på dei gamle karta, seier geologane Ole Lutro og Henrik Schiellerup mens dei ser oppover den stri Kvanntodalbekken aust på Hinnøya. Dei to tenkjer på berggrunnkarta frå 1976 i målestokk 1:250.000, som no treng ei kraftig oppgradering i målestokk 1:50.000.

Undersøkjer berget

Forskar Ole Lutro undersøkjer ein bit av berget på
Hinnøya.

- Vi startar med å sjå på alt som er gjort frå før i området vi skal kartleggje; studentoppgåver, kart, flybilete og rapportar. Så går vi ut i terrenget og ser kva som er rett og feil, teiknar kan hende opp nye grenser mellom bergartane, finn rett bergart og prøver å forstå korleis akkurat geologien her er blitt til, seier dei to.

No legg dei ut langs bredda av bekken og ser seg ut fast fjell ute i vatnet, ein benk av berg, som dei vil sjekke. Fjellet som stig mot vest er 2,5 milliardar år gamal granitt, men eit lag med omdanna sandstein - kvartsitt - er drapert som eit smalt belte over granitten.

- Kvartsitten er mykje yngre enn granitten, berre 500-600 millionar år gamal. Vi må prøve å finne ut kor grensa går mellom dei to bergartane, understrekar geologane og slår av eit handstykke stein frå berget ute i bekken.Slik fortsett dei gjennom dagane. I time etter time sluker dei mil med fjell og skog, myr, dalar og åssider, for å finne svar.

Kunnskap og ressursar

Time etter time sluker dei mil med fjell og skog, myr,
dalar og åssider, for å finne svar på geologiske
spørsmål.

- Men kvifor?

- Det eine er rein kunnskapsbygging. Vi vil forstå korleis landet er bygd opp og korleis einingane heng saman. Det andre er mineralressursar. Når vi no har arbeid mykje i Vesterålen ser vi eit potensial for både grafitt, apatitt og sjeldne jordartsmetall. Det er spennande.

Dei siste åra er det gjort klart 11 nye berggrunnskart i målestokk 1:50.000 frå NGU til bruk for kommunar, næringsliv og andre interesserte.

Heile landet er dekt med geologiske kart i målestokk 1:250.000 og så langt er det gitt ut 376 kartblad i 1:50.000, noko som gjer at NGU sin database for berggrunn no dekkjer 56 prosent av vårt landareal.