6. mai 2008

Norsk stein i framtidas superminne

Dei magnetiske eigenskapane i norsk stein kan danne grunnlaget for framtidas superbillege, superrobuste langtidsminne. Seniorforskar Suzanne McEnroe ved Noregs geologiske undersøking (NGU) skapar internasjonal merksemd.
I LEIINGA: Suzanne McEnroe er overtydd om at forskinga kjem til å ende i industriell verksemd. - Det handlar om ressursar, hevdar ho. Foto: Halfdan Carstens/GeoPublishing

Forskarar ved NGU har oppdaga nokre svært spanande kjenneteikn ved magnetismen i norsk gneis.

Nanoskala

Gjennom fleire år med grunnleggjande forsking på mineral sine magnetiske eigenskapar i nanoskala, har McEnroe si gruppe ved NGU utvikla dette stadig vidare.

Dei siste resultata vart nyleg publisert i Nature Nanotechnology. Artikkelen er ei oppfølgjing av ein tidlegare publikasjon frå gruppa i Nature i 2002. 

Nytt steg vidare

No vil NGU, i samarbeid med Universitetet i Oslo (UiO), sette i gang forsøk for å lage eit kunstig materiale med de same magnetiske eigenskapane som norsk gneis.

- Det blir eit viktig skritt på vegen mot å gjøre vår grunnforsking tilgjengeleg og interessant for industribedrifter og kommersielle interesser, seier McEnroe.