22. mai 2013

NGU vann miljøpris

NGU vann miljøpris for prosjektet "Urban Mining," som omhandlar gjenvinning av metall og mineral frå avfallsplassar og gjenvinningsstasjonar. Med prisen fylgjer ein kvart million kroner.

Rolf Tore OttesenForskar Rolf Tore Ottesen og NGU fikk ein kvart million kroner i premie frå Elretur.



     

Prispengane skal nyttast til å leite etter forbodne miljøgifter i nye produkt, og vert ei oppfylging av funnet av PCB i mobiltelefonar.

- Det er stas å få pris. Det syner at NGU gjer ein god jobb på dette området, seier Rolf Tore Ottesen. Han er forskar i Geokjemilaget ved NGU og primus motor for arbeidet med å leite opp miljøgifter i produkt me omgjev oss med i kvardagen. Det var Ottesen som fann den forbodne miljøgifta PCB i mobiltelefonar.

Det vart kåra to vinnarar av årets miljøpris frå Elretur. Den andre prisen gjekk til Østlandsforsking og var på hundre tusen kroner. Østlandsforsnking har laga ein miljørekneskapsmodell for avfallshandering. Førebels inngår tre produkt i rekneskapen: mobiltelefonar, kjøleskåp/fryseboks og LCD-TV'er.