18. august 2010

NGU måler tyngdekrafta

I tidsrommet frå 16. august til omlag 30. november kan folk i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane sjå eit helikopter som med ein til tre kilometers mellomrom landar i fjæra, på fjelltoppar, eller i kanten av vatn i skjergarden.

Tyngdemålinger med helikopterPÅ TOPPEN: Bilete er teke ved tidligare tyngdemålingar med helikopter.I helikopteret er ein geofysikar frå Noregs geologiske undersøking (NGU), saman med avansert utstyr for tyngdemålingar.

Fem minutt stopp

Helikopter er teke i bruk for å frakte geofysikar og instrument frå punkt til punkt i område med få eller ingen vegar. Kvar stopp der det vert gjort målingar, tek berre omlag fem minutt. 

TyngdemålingerMÅLAR: Instrumentet inneheld ei vekt som er sett saman av glasfjærer. Apparatet registrerer strekkinga av desse fjæra på målepunkta.Overingeniør Jomar Gellein ved NGU fortel at desse målingane ikkje fører med seg skade av nokon art i det aktuelle området. Det vil bli teke omsyn til beitande dyr, natur og ferdsel. Grunneigarar som ikkje vil tillate landing på sine område, må snarast ta kontakt med NGU, postboks 6315 Sluppen, 7491 Trondheim.

Tolke geologien

Tyngdekrafta varierer frå stad til stad, etter kva for bergartar som finst i grunnen. Resultata av desse målingane vil, saman med andre geologiske og geofysiske observasjonar, bli brukt til tolking av geologien i området i tre dimensjonar.

Dei krystallinske bergartane på land fortset ut i Nordsjøen og utgjer underlaget for dei olje- og gassførande sedimentbassenga på sokkelen. Store forkastningar i Nordsjøen fortset til dømes inn i kystområda som for nokre millionar år sidan var ein del av sokkelen. Dei nye tyngdedata vil derfor bidra til å knyte saman geologien i overgangen mellom land og sokkel. Pågåande målingar av magnetfeltet frå fly i Nordsjøen og på Vestlandet utgjer og ein del av det same kartleggingsprosjektet.

Dei nye tyngdedata vil i neste omgang også vere til stor hjelp i kartlegginga av ressursane i berggrunnen.

Arbeidet vil gå føre seg i følgjande kommunar: Askvoll, Austevoll, Austrheim, Bremanger, Bømlo, Fedje, Fitjar, Fjaler, Fjell, Flora, Gulen, Haugesund, Karmøy, Radøy, Solund, Sund, Utsira og Øygarden. 

Åtte oljeselskap

Resultatet av målingane vil også gå inn i arbeidet med å lage ein landsdekkjande serie av tyngdekraftkart i målestokken 1:250 000.

Prosjektet blir gjennomført av NGU og OD med økonomisk støtte frå åtte oljeselskap: Bayerngas, ConocoPhillips, Det norske oljeselskap, Lundin Petroleum, Noreco, Statoil, Total og Wintershall.