20. januar 2015

NGU-forsking omtala i ny bok


NGU-forskarane Tim Redfield (t.v) og Per Terje Osmundsen er tilfreds med at teorien er nevnt i den nye boka «Det som ble Norge».
NGU-forskarane Per Terje Osmundsen og Tim Redfield meiner bevegelsar på kontinentalsokkelen har skapt den norske fjellheimen Teorien blir omtala i den nye boka «Det som ble Norge».

Det er nok ikkje tilfeldig at teorien til dei to forskarane blir nemnt under overskrifta «Fjellkrangelen». Framveksten av fjella i Noreg har vore gjenstand for mange debattar, og geologar stridast om kva som eigenleg er årsaka.

Tynning av jordskorpa

Ifylgje dei to NGU-geologane er det tynning av jordskorpa som i siste instans har forma fjella her til lands. Fortynninga har skjedd fyrst og fremst i dei geologiske epokane sein jura og tidlig kritt -  for om lag 100-150 millionar år sida - og kulminerte med opninga av Atlanterhavet.

- Nokre plasser på norskekysten, blir kontinentalskorpa nesten borte over ei svært kort strekning. Det er på land innafor disse områda vi har fått dei høgaste og brattaste fjella i Noreg, seier Osmundsen, og peiker på Møre, Lofoten og Vesterålen som gode døme.

Anerkjenning

I boka «Det som ble Norge» - som NGUs sin adm.dir Morten Smelror i si melding (sjå lenke til høgre) kallar for ei skattekiste for vitehuga - blir teoriane til dei to NGU-forskarane behørig omtala. Forfattaren sett dei i kontrast til forsking frå Danmark, som konkluderer med at fjella i Noreg eigentleg er røttene til den kaledonske fjellkjeda, og at dei har eksistert i 400 millionar år.

- Å bli omtala i ei slik bok er oppmuntrande. Det er ein hyggeleg gest frå forfattaren, og det stadfester at vi blir rekna med i den faglige diskusjonen, seier Osmundsen.

- Det som blir viktig no, er å fortsette og utvikla arbeidet. Vi trur teoriane våre kan nyttast også utafor vårt eiget land, og skulle gjerne testa dei ut i til dømes Brasil, Australia eller Grønland, legg Redfield til.