25. mai 2019

No er det enklare å sjå mineralressursane i Noreg


Fauske kommune i Nordland fylke var ein av pilotkommunane i utviklinga av det nye kartinnsynet.
Med Noregs geologiske undersøkings (NGU) nye kartinnsyn får offentleg forvalting betre oversikt over område der det kan liggja mineralressursar av verdi.

- I den gamle løysninga kunne ein berre sjå punktregistreringar og enkelte areal for industrimineral, metall og naturstein. Den nye innsynsløysinga viser både punkt og fleire areal for alle tre mineraltypane, som gjev ei betre og meir rett oversikt. Mineralførekomstane er vurdert ut frå kriterium som levetid, kvalitet, verdi, plassering og meir. Den nye klassifiseringa vår fortel om ressursane har internasjonal, nasjonal, regional eller lokal verdi, fortel forskar Agnes Raaness og lagleiar Kari Aslaksen Aasly frå NGU.  

- Denne klassifiseringa gjer det enklare for offentleg forvalting å bruka NGU sine data på best mogleg måte. Dei vil no få betre informasjon om kjende førekomstar av naturstein, industrimineral og metallførekomstar. Verktøyet kan arealforvaltarar bruka i sitt arbeid for å vurdera kva mineralressursar det er viktig å ta omsyn til når område skal regulerast eller byggjast på, slik at viktige mineralressursar ikkje går tapt.

Her kan du sjølv bruka det nye kartinnsynet.

Største oppgradering på fleire år 

Kart der du kan se forskjellen på den gamle og nye kartløsningen.
Klikk på biletet for å kunna sjå skildnaden på det gamle og det nye kartinnsynet.  Dra i den blå ballen for å visa før/etter. 

Oppgraderinga av kartinnsynet for mineralressursar, er det største som er gjort på mange år. Prosjektet starta med Nordland som pilotfylke og med utvalde kommunar. Det har ikkje berre resultert i eit nytt kartinnsyn, men òg hatt gjennomgripande effektar i heile databasestrukturen for mineralressursane. Dataa våre er no i eit format som er i samsvar med den europeiske standarden. 

- Hovudmålgruppa for det nye kartinnsynet er offentleg forvalting og arealplanleggjarar. Men andre brukargrupper som produsentar og leiteselskap vil òg ha nytte av dataa. Sjølv om kartinnsynet no er lansert, vil me jobba vidare med kvalitetssikring av data og å gjera dataa tilgjengeleg gjennom andre tenester. Til dømes WMS-tenester som gjer det mogleg å inkludera dataa i eigne kartprogram og arealplanleggjingsverktøy.  

- Me vil svært gjerne ha tilbakemelding om noko ikkje fungerer heilt optimalt, nokon finn feil eller ein har forslag til forbetringar, oppmodar Raaness og Aasly til slutt.