6. januar 2011

Mineralklassiker oppdatert med nye mineral

Bare i 2010 er det identifisert nye 14 mineral i Norge. Dei er blant oppdateringane i den reviderte utgåva av Norges mineraler, ført i pennen av fyrsteamanuensis Rune S. Selbekk frå Naturhistorisk museum. 

LabradorittFYRSTE SIDE: Labradoritt fra Hidra ved Flekkefjord pryder omslaget på den nye boka. Foto: Per Aas, Naturhistorisk museum, UiOI 1985 gav Henrich Neumann ved Noregs geologiske undersøking (NGU) ut boka Norges mineraler. I 25 år har den vore eit viktig oppslagsverk for mineralogar og geologar i inn- og utland.

Boka har vore utseld i mange år, men samstundes har behovet for å revidera innhaldet vakse.

Kvart år vert det registrert nye mineral i Norge, og det ville gje lita meining å trykkja opp nye opplag utan å oppdatera innhaldet.

Omfattande endra

No er endeleg den reviderte utgåva her, ført i pennen av fyrsteamanuensis Rune S. Selbekk frå Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo og redigert av forskar Rolv Dahl ved NGU.

Om lag ein tredjedel av boka er nytt innhald, og dei gamle delane har vorte omfattande endra.

- Den fyrste boka om norske mineral, Forsög til Mineralogie for Norge, vart skriven i 1777 av Morten Brunnich, fortel Selbekk.

Ettertrakta smykkesteinar

- Stadig vert det identifisert nye mineral her til lands. 2010 har vore eit bra år, 14 mineral er beskrivne for fyrste gong i Norge. Eitt av desse, heftetjernitt, er nytt på verdsbasis. Vi nådde akkurat å få det med i boka, smiler Selbekk.

Mineral er grunnstoff og kjemiske forbindelsar som er danna ved naturlege geologiske prosessar.

Dei er kjenneteikna ved å ha ei kjemisk samansetjing som er bestemt, ei strengt lovmessig indre oppbygning og bestemte fysiske eigenskapar som glans, hardheit og så vidare.

Det er registrert over 4 500 mineral på verdsbasis, og fleire nye kjem til kvart år.

Mange mineral har glans og fargespel som gjer at dei er ettertrakta som smykkesteinar.

Softis og kvitmaling

Ein god del er så sjeldne at dei ikkje har nokon praktisk bruk.

Heftetjernitten som er nevnt ovanfor finst det til dømes berre fire prøvar av, alle funne på same staden. Ikkje noko grunnlag for hjørnesteinsindustri akkurat. Andre er derimot svært viktige i den moderne kvardagen.

- Mineralet ilmenitt vert til dømes brukt i titanoksyd, som gjev den fine, reine kvitfargen i fiskebollar, softis - og kvitmaling, gliser Selbekk.

Vi finn mineral i ei heil rekkje kvardagsprodukt. Berre i ein vanleg mobiltelefon finst det over 20 forskjellige.

Norges mineraler inneheld 830 mineral som er funne her på berget. 68 av desse vart fyrste gong beskrivne i Norge.

- Mange av desse skriv seg frå Oslofeltet, som er eit rikt geologisk felt. Langs kanten av det finn vi mange ulike mineral. I Langesundområdet åleine er det funne over 200 mineral, seier Selbekk.