8. oktober 2018

Meir pengar til mineralkartlegging


Frå Stjernøya i Finnmark. Eit dagbrot tar ut nefelinsyenitt, som råstoff til glas- og porselensindustrien.
Regjeringa foreslår å løyve nærare 10 millionar kroner ekstra til NGU og kartlegging av mineraleressursar, med vekt på Nord-Noreg. I alt foreslår regjeringa 17 millionar kroner meir til mineralnæringa i 2019.

- Eit svært positivt signal, seier direktør May Britt Myhr ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

I forslaget til statsbudsjett, som vart lagt fram måndag, foreslår regjeringa å gi 10 millionar kroner ekstra til Noregs geologiske undersøking for å auke kartlegginga av mineralressursar i Noreg.

Det grøne skiftet

May Britt Myhr.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier at det særleg er kartlegging av mineralressursar i Nord-Noreg som vil bli prioritert:

- Meir kartlegging av mineralressursane vil gi oss auka kunnskap, og er spesielt viktig for å legge til rette for framtidige mineralprosjekt i Noreg. Det kan gi oss mange fleire arbeidsplassar i framtida, seier Røe Isaksen.

NGU-direktør May Britt Myhr er glad for den ekstra satsinga og seier at den sender eit positivt signal, både til mineralindustrien og til NGU:

- Vi er optimistiske med tanke på at auka kartlegging vil ha stor verdi for det grøne skiftet. Ei heilskapleg og langsiktig kartlegging er effektiv bruk av statens midlar, og vil gi verdiskaping i mineralindustrien på lang sikt, seier Myhr.

Ekstra også frå fylka

Regjeringa foreslår også å gi 6,8 millionar kroner meir til Direktoratet for mineralforvaltning i 2019, for å korte ned tida for sakshandsaming.

– Ein reduksjon i ventetida for driftskonsesjonar er viktig for å legge til rette for ny aktivitet og berekraftig vekst i mineralnæringa, påpeikar Torbjørn Røe Isaksen.

Frå før er det kjent at Trøndelag fylkeskommune har løyvd 5,6 millionar kroner til kartlegging av geologiske ressursar i Trøndelag dei neste tre årene. Tidlegare har også Nordland og Troms fylkeskommunar, samt Vestfold, Buskerud og Telemark, gått inn med ekstra midlar til kartlegging av geologiske ressursar.

Mareano og skred

Samla sett foreslår regjeringa eit NGU-budsjett for neste år på 261 millionar kroner. 29,3 millionar av denne summen skal gå til NGU sitt arbeid i Mareano, eit langsiktig program mellom NGU, Havforskningsinstituttet og Kartverket om kartlegging i norske havområde.

På inntektssida seier regjeringa at NGU skal få tak i 79, 6 millionar kroner. Dette omfattar eksterne inntekter frå oppdrag og samfinansieringsprosjekt. Oppdraget frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) knytt til kartlegging av skredfare utgjer det største enkeltprosjektet.

Samstundes har Nærings- og fiskeridepartementet sett ned eit utval som skal evaluera minerallova. Arbeidet vert sluttført i løpet av 2018. - Departementet tar sikte på ei rask oppfølging av evalueringa, heiter det i ei pressemelding frå departementet.

Stortinget skal handsame regjeringas forslag til statsbudsjett seinare i haust.