6. mai 2008

Landskapet langs Rallarvegen frå sykkelsetet

Flåmsbana og Rallarvegen i Flåmsdalen, Sogn og Fjordane fylke, er blant dei mest besøkte turistattraksjonane i landet. Kvart år kjem om lag 475.000 turistar til det fantastiske fjord-, dal- og fjellandskapet. Dei fleste tek toget opp Flåmsdalen, men mange tusen vel å sykle eller gå ein del av strekninga frå Hallingskeid til Flåm for å oppleve naturen på nært hald.
Rallarvegen - no også i innbunden form. Klikk på biletet for å sjå i stort format.

Korleis har dette særmerkte landskapet fått si form? Det kan du lese om i det 11. nummeret av "Gråsteinen" - NGU sin populærvitskaplege publikasjonsserie. Den 6. juli vart boka "Rallarvegen - geologi og landformer" lansert. Boka tar for seg historia til landskapet i store trekk, og fortel kva du ser når du går eller syklar langs Rallarvegen frå Hallingskeid til Flåm. Ho er skrive på ein lettfatteleg måte og inneheld mange illustrasjonar, bilete og kart.

Boka blir gitt ut av forlaget Skald i Leikanger. Den kan kjøpast frå NGU, frå bokhandel eller direkte frå forlaget. Utsalspris på boka er 248 kroner.

Flott tur

Været var flott då ordføraren i Aurland kommune og om lag 30 andre syklistar samla seg ved Berekvam stasjon på Flåmsbana for å delta på bokslepp, guida geologitur og geologisk rebusløp langs Flåmsdalen. Forfattarane Inge Aarseth, Helge Henriksen og Theis Braanaas fortalde undervegs om lausmassar, berggrunn og botanikk, blanda med mykje lokalhistorie og lun humor.

Geologi og musikk

- Nordmenn og turistar i Noreg er ofte særs interesserte i naturen, men kan samtidig lite om geologi. Det vil vi gjerne gjere noko med. Ved å kunne lese landskapet og skjønne naturhistoria, får du ei enda større naturoppleving. Det blir som med musikk: Jo meir du kan om det, dess større opplevingar får du ved å lytte til det, seier hovudforfattaren, Inge Aarseth, til dagleg førsteamanuensis i geologi ved Universitetet i Bergen. I tillegg har Helge Henriksen, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og botanikar Theis Braanaas vore medforfattarar.

 

Inge Aarseth (t.h.) fortel korleis jettegryter blir danna.

Kva, kvifor og korleis

- Eg trur at turistar og andre naturinteresserte gjerne vil vite meir om landskapet dei reiser i, ikkje berre kva dei ser, men også kvifor og korleis det har fått si form. I dette ligg det mange gode historier, som eg meiner at forfattarane har fått bra fram i denne boka, supplerer Rolv Dahl, redaktør i publikasjonsserien "Gråsteinen".

 

Helge Henriksen fortel korleis berggrunnen i Flåmsdalen er bygd opp.

 

Theis Braanaas (t.h.) fortel om korleis botanikken i Flåmsdalen heng saman med dei geologiske tilhøva.

Geoturisme 

- Geoturisme er eit uttrykk som geologar lenge har brukt om det å fortelje om geologiske attraksjonar til turistar og folk flest. No nyttar reiselivsnæringa dette uttrykket òg, men i ei anna tyding. Dei definerer geoturisme som "Turisme som fremjar og utviklar eit sted sin eigenart". Eg trur at boka kan brukast for å utvikle geoturisme i begge tydingane av ordet. Landskapet er så absolutt ein del av Flåmsdalen sin identitet, og historia om landskapet må vere ein viktig del av geoturismen i reiselivet, legg Rolv til.

 

Les meir:
Skald Forlag

Omtale i Sogn Avis

 

Bestill boka frå NGU: distribusjonen@ngu.no
eller gå til Bestillings-skjema