5. oktober 2020

Kva trigga opninga av Atlanterhavet?


Kjerneprøvar vert samla inn under eit tokt med FF «Joides Resolution» i regi av IODP i den nordlege delen av Atlanterhavet tidlegare i 2020. Bilete: Sandra Herrmann, IODP/Joides
Noregs geologiske undersøking skal neste år delta i eit omfattande boreprogram på den ytste delen av kontinentalsokkelen utanfor Midt-Noreg. Målet er meir kunnskap om opninga av Atlanterhavet for nesten 55 millionar år sidan.

Toktet er døypt «Ekspedisjon 396», og skal gjennomførast frå august til oktober 2021.

- Forskinga skal bidra til at vi betre kan skjøne prosessane som gjekk føre seg i litosfæren og mantelen då Noreg og Grønland skilde lag. Kva var det som trigga at store volum av magma var i drift og vart flytta rundt under jordskorpa for 55 til 50 millionar år sidan? Vi trur på nokre nye svar, seier NGU-forskar Laurent Gernigon.

Klimaendringar

Saman med ei rekkje forskarar, leia av professor Ritske S. Huismans ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, deltok Gernigon på det opphavlege prosjektforslaget.

- Vi skal òg undersøkje kva for verknader denne valdsamme geologiske «oppbrots-hendinga» hadde på globale klimaendringar. Med utgangspunkt i fleire tidlegare flymagnetiske undersøkingar på kontinentalsokkelen, skal vi teste vitskapelege problemstillingar gjennom analyser av materialet som vi samlar inn under toktet, fortel Gernigon.

Det nye forskingsprosjektet involverer mange norske universitet og forskingsinstitusjonar, og vart nyleg akseptert av styret i International Ocean Discovery Program (IODP). IODP er eit internasjonalt havforskingssamarbeid, som søkjer å styrke den vitskapelege kunnskapen om jorda gjennom boring, undersøkingar av kjerneprøver og overvaking av havbotnen.

Oversikt over prøvestader, her som raude punkt, som skal vitjast under «Ekspedisjon 396».

Geofagleg grunnforsking

Sjølve toktet skal leiast av professor Christian Berndt frå det tyske havforskingssenteret Geomar og professor Sverre Planke ved Universitetet i Oslo.

- Forsking som vert gjort mogleg gjennom undersøkingar av IODP-prøver og data, betrar vår vitskapelege forståing av endra klima- og havforhold, og strukturen og prosessane til jordas tektoniske plater og til den øvste del av mantelen, fortel Laurent Gernigon.

Den overordna vitskapelege planen for IODP har fire tematiske områder, Klima, Livet i og på havbotnen, Geologiske prosesser og Risiko for naturkatastrofar.

Lagleiar og forskar Marco Brönner ved NGU seier at medlemskapet i IODP i første rekkje er viktig for geofagleg grunnforsking og kompetanseutvikling hos forskingsmiljøa. – I tillegg er internasjonal nettverksbygging ein viktig effekt, seier han.

Meir om prosjektet finn du her