9. september 2021

Kola-kjernar på utstilling i Wien


Slik ser den ut, ein 3D-kopi saman med opphavlege borekjernar frå Kolahalvøya. Foto: ICDP
Kopiar av kjerneprøvar frå djupe boringar på Kolahalvøya skal visast fram i ei utstilling ved Naturhistorisk Museum i Wien. Dei originale prøvane stammar frå jordas urtid, henta opp frå russisk grunnfjell i eit NGU-leia prosjekt.

- Det er svært gledeleg at arbeidet vi starta for 15 år sidan fortsett gjev resultat, seier forskar Aivo Lepland ved Noregs geologiske undersøking (NGU). – Fleire titall vitskaplege artiklar har vore publisert på kjernematerialet, med den nyaste banebrytande artikkelen «The grandest of them all (…)» for berre ein månad sidan. No hamner prosjektet altså òg som utstilling.

Fortidas klima

Det austerrikske museets nyrenoverte og moderniserte geologiske avdeling, skal opne ei stor utstilling om fortidas klima, naturfarar og georessursar mot slutten av 2022. Innanfor temaet paleoklima er dei vitskaplege boreprogramma International Ocean Discovery Program (IODP) og International Continental Scientific Drilling Program (ICDP) båe invitert til å bidra med visingsmateriell.

- Og det var i regi av ICDP vi etablerte prosjektet «Fennoscandian Arctic Russia Drilling Early Earth Project» (FarDeep), kor vi kunne gjennomføre boringar og arbeide med dei russiske kjerneprøvane både på Kola og i Karelen, fortel Lepland.

Forskarar i arbeid på originale kjerneprøvar. Foto: NGU

Resultata har kasta nytt lys over ei ekstrem klimahending som fant stad for mellom 2 og 2,5 milliardar år sidan. Aukinga av oksygen i jordas atmosfære, den såkalla «Great Oxidation Event», utløyste ei massiv klimaendring, den største masseutryddinga i jordas historie og den første istida. 

Utstilling i ti år

- Dei 3D-printa borekjernekopiane i utstillinga i Wien skal bidra til å vise og forklare verdien av å ha gode arkiv over fortidas klima. Berre på den måten kan vi skjøne klimaendringar gjennom tid, forklarar Aivo Lepland. 

Utstillinga bruker kopiar fordi dei originale borekjernane både er verdifulle og fortsett er tilgjengelege for vitskapeleg arbeid. Samstundes må dei lagrast under spesielle tilhøve. Heile utstillinga er planlagd å stå i den nye geologiske avdelinga i Austerrikes hovudstad i over ti år.

Framifrå bevart

Leiar for ICDP sin operasjonelle støttegruppe, Uli Harms, understrekjer at ei langsiktig bevaring og tilgjengelegheit av boreprøver er eit av hovudmåla for ICDP: - Dei spektakulære kjernane i FarDeep-prosjektet er framifrå bevart. Forskingsmiljøet syner ei kontinuerleg interesse for data og prøvar nettopp fordi kjernane er veldig godt kuraterte ved NGU, seier Harms.

All nøkkelinformasjon om kjernane er gjort tilgjengeleg på nett. I tillegg har FarDeep eit omfattande arkiv som inneheld tusenvis av eksisterande prøvar i form av knust materiale, tynnslip og håndstykke. Samstundes er det mogleg å ta prøvar frå dei opphavlege kjernane.