18. oktober 2019

Kartlegg landformer i Noreg


Klattar av randmorenar med vegetasjon ved ein meanderande bekk, nær Gammelvollsjøen i Tydal. Alle foto: Marianne Christoffersen og Astrid Lyså
No aukar kunnskapen om norske landformer skapt av is og vatn frå siste istid. Forskarar saumfer utvalde område for å skjøna naturen vår enno betre.

- Landformer er ein viktig del av naturen med stor økologisk verd, og eit av temaa i ein omfattande framstilling av alle naturtypar i Noreg (NiN). Då er det sjølvsagt òg viktig å sørge for ei god kartlegging, seier forskar Marianne Christoffersen ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Saman med NGU-kollegaene Astrid Lyså, Ola Fredin og prosjektleiar Eiliv Larsen, har Christoffersen i år gjort feltarbeid på oppdrag frå Artsdatabanken i kommunane Farsund, Røros og Tydal.

Glasiale landformar

- Men først studerer vi laserbilete tatt frå fly, sokalla LiDAR-data, kor vegetasjonen er skrelt vekk frå bileta. Det er eit særs godt verktøy for å sjå landformene i landskapet. Seinare sjekkar vi det vi er usikre på ute i felt, mellom anna ved hjelp av dronar. Arbeidet handlar mykje om å registrere og fotografere, før vi dokumenterer alt i ein database, seier Christoffersen.

Kva er det så geologane registrerer? Kva er sokalla glasiale landformer frå siste istid? Marianne Christoffersen svarer slik:

- Det er mange slike landformer. Mange har sikkert høyrd om eskerar. Det er ryggar av sand, grus og stein som vart danna av avsetningar frå elvar med smeltevatn under isbreane. Ei anna landform er dødisgroper, forsenkingar i bakken der isrestar, som seinare smelta, vart gravne ned i lausmassane mot slutten av istida. Vi har også randmorenar, ryggar med usortert materiale avsett ved ein brefront. Drumlinar er òg ei landform vi ser på; ein langstrakt rygg av lausmasser som ligg parallelt med retninga isen har bevega seg.

I tillegg kjem strandliner frå bredemde innsjøar og løp frå smeltevatn, og ei landform dei sjølve har omsett til norsk; «knaus og hale». - Det er ein fjellknaus kor lausmassane, som er avsett frå isbreen, utgjer halen, fortel Christoffersen.

Eskerar og dødisgroper er gode døme på glasiale landformar. Dronebiletet er tatt ved Esandsjøen i Tydal.
Eskerar og dødisgroper er gode døme på glasiale landformer. Dronebiletet er tatt ved Esandsjøen i Tydal.
Her ser vi òg gode døme på eskerar og ei dødisgrop. Dette er frå Grådalen i Røros.
Her ser vi òg gode døme på eskerar og ei dødisgrop. Dette er frå Grådalen i Røros.
Eskerar strekkjer seg ut i vatnet ved Stikkilen i Røros komune.
Eskerar strekkjer seg ut i vatnet ved Stikkilen i Røros komune.
Tett i tett med drumlinar på denne vidda. Biletet er frå Nesjøen i Tydal.
Tett i tett med drumlinar på denne vidda. Biletet er frå Nesjøen i Tydal.
Eit fossilt delta kor det vert teke ut grus i periodar. Biletet er tatt i nærleiken av Gammelvollsjøen i Tydal.
Eit fossilt delta kor det vert teke ut grus i periodar. Biletet er tatt i nærleiken av Gammelvollsjøen i Tydal.
Slik ser landforma «knaus med hale» ut. Frå Feragen i Røros.
Slik ser landforma «knaus med hale» ut. Frå Feragen i Røros.

Raudlista landformer

Eit anna prosjekt som er nært knytt saman med dei glasiale landformene, er eit arbeid for Miljødirektoratet med å sjå på kvaliteten og tilstanden til dei raudlista landformene.

Den norske raudlista for naturtypar inneheld 28 landformar, som grotter, brear, elvesletter og jordpyramidar. Desse landformene er vurdert ut ifrå om dei er sårbare, har kjende truslar knytt til seg, eller om dei er sjeldne.

- Vår oppgåve er å kvantifisere tilstanden på utvalde landformer og vurdere kvaliteten ved å gje dei poeng ut i frå kor intakte dei er, seier Christoffersen. Her handlar det mellom anna om leirravinar og leirskredgropar, fossile deltaformasjonar, dødisgropar og jordpyramidar.

Sårbarheita hos desse landformene har gjerne samanheng med turisme, vassdragsregulering, klimaendringar, eller bygging av infrastruktur.

Marianne Christoffersen (grøn jakke) med besøk i felt i Tydal. Gjestane er frå Artsdatabanken og Miljødirektoratet. Frå venstre Øyvind Bonesrønning, Anne Britt Storeng og Heidrun Ullerud.
Marianne Christoffersen (grøn jakke) med besøk i felt i Tydal. Gjestane er frå Artsdatabanken og Miljødirektoratet. Frå venstre Øyvind Bonesrønning, Anne Britt Storeng og Heidrun Ullerud.