12. august 2014

Kartlegg botn på søre Sunnmøre

No startar kartlegginga av kystområda på søre Sunnmøre. Målet er sju spesiallaga temakart over fjordbotnen retta mot forvaltninga, og mot fiskeri- og havbruksnæringa.

SeismaLANGS KYSTEN: Det er forskingsfartøyet Seisma som skal nyttast til den marine kartlegginga på søre Sunnmøre.

- Vi har nyleg hatt oppstart på Runde miljøsenter. Forskings- og formidlingssenteret på fuglefjellet Runde har vore ein pådrivar i arbeidet med å få dette prosjektet i gang, fortel forskar Oddvar Longva ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Forskingsfartøy

Oddvar LongvaPÅ BRUA: Oddvar Longva er forskar, og samstundes skipper på Seisma.Han er òg skipper om bord på NGU sitt forskingsfartøy Seisma, som er sentral i kartlegginga av sjøbotnen. No på seinsommaren skal båten være ute i tre veker, før forskarane held fram arbeidet neste sommar.

- Vi skal gjere det same her som vi gjorde i Astafjordane i Troms. Ved hjelp av botndata frå sjødivisjonen i Kartverket, skal vi kartlegge fjordane grundig. Vi skal ta prøver, gjere videoopptak og bruke sedimentekkolodd for å skaffe oss eit så godt bilete som mogleg av botnen, seier Longva.

Viktig kyststrekning

RundeI GANG: God stemning under oppstarten på Runde. Her er det NGU-forskar Sigrid Elvenes som fortel om kartlegginga.Når dei nye marine grunnkarta frå søre Sunnmøre er ferdig, skal kart over djup, sediment og botnhardheit være supplerte med spesiallaga temakart om ankringstilhøve, botnfelling, bratte skråningar og gravbarheit.

- Dette er eit av dei viktigaste stadene langs norskekysten i møte mellom straumar, fuglar og fisk. Her utanfor Noregs sørlegaste fuglefjell går mellom anna den største sildegytinga føre seg, seier Longva, som sjølv er frå Sunnmøre.

Fem kommunar

Stiftelsen Runde Miljøsenter arbeider med infrastruktur for overvaking og forsking på miljø, og er ein aktiv pådrivar for berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Senteret inneheld kontor, laboratorium og leilegheiter for mellom anna gjestande forskarar.

Saman med NGU, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og Runde Miljøsenter bidreg kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid med finansiering av det marine kartleggingsprosjektet i området.


     

BotnenSAND OG MORENE: Her ser ein korleis dei nye sjøkarta for søre Sunnmøre kan sjå ut. Dette er kart over moreneryggar og sanddyner i Haramsfjorden.