17. desember 2014

Jaktar kjemisk historie i Bergen


Lille Lungegårdsvann er i dag ei perle i Bergens bybilde, men dei kjemiske spora i vassbotnen fortel ei historie om forureining og forsøpling. (Foto: Wikipedia)
Lille Lungegårdsvannet er i dag ei perle midt i Bergen sentrum. Men før var det byen sin kloakk- og avfallsplass. NGU-geolog Malin Andersson har undersøkt vassbotnens kjemi, og den fortel ei historie om menneskelig forureining gjennom mange hundreår.

Arbeidet har blitt Andersson si doktoravhandling ved Universitetet i Bergen. Avhandlinga viser korleis sedimentlaga på botnen av Lille Lungegårdsvannet er ein oversikt gjennom tusenvis av år over naturlige sjøsediment som går over i sedimentlag prega av forureining og forsøpling.

- Før i tida  vart Lille Lungegårdsvannet brukt som mottak for kloakk og søppel. Industri og gassverk sende avfallet sitt uti vatnet. Bråte frå fleire bybrannar har hamna her. Strandkantane har forandra seg og botnen i vatnet har stege, etter kvart som byen har blitt utbygd. Derfor er det ei omfattande byhistorie å lesa ut av dei kjemiske spora, fortel Malin Andersson.

Ho er til dagleg ein del av Laget for geokjemi ved NGU. 9. desember forsvarte ho doktoravhandlinga si «Urban basin deposit; the pollution history of Lille Lungegårdsvannet, Bergen».

NGU-geolog Malin Andersson. (Foto: Belinda Flem)

Kjemisk datering

For å kunne knytte kjemiske spor direkte til historiske hendingar i Bergen, har Andersson gjennomført ei datering av sedimentlaga på botnen av Lille Lundegårdsvannet. Dette er gjort med karbon- og cesiumdatering supplert ved ei slags kjemisk datering som har knytta nokre kjemiske konsentrasjonstoppar til bestemte historiske hendelsar.

- På heile sedimentsøyla har vi gjort kjemiske analyser av organiske miljøgifter, metall og cyanid, for å få eit så breitt bilde som mogleg, fortel Andersson.

Resultata viser at forureininga i all hovudsak kjem frå menneskeleg aktivitet, at den har forandra seg i takt med den historiske utviklinga i byen, og at dei forureina sedimentlaga går om lag 180 cm ned i vassbotnen. Det er teikn i forurensninga som visar at det har forandra seg fra ved- og kolfyring til meir industrielle prosessar.

- I tillegg viser forskinga at menneska også har forkludra kronologien i sedimenta. På grunn av mudring og anna inngrep, er det store hol i lagrekka. Heile middelalderen er borte, til dømes, seier Andersson.

Forureining før og no

Doktorgradsavhandlinga til Malin Andersson viser med all klarleik korleis forureininga har utvikla seg i Bergen, og korleis kjemien i jorda underbyggjer den historia. Men ho har også tatt føre seg dagens forureining i byen.
I eitt år har ho hatt eit måleapparat ståande på byens Torgallmenning. Dette har målt mengden vatn og partiklar som går i overvatn frå det urbane miljøet.

-Frå eit lite nedslagsfelt (halve Torgallmenningen) går det kvart år ca. eitt tonn med «suspendert materiale» - finkorna sand og leire som held seg svevande i vatnet - til Lille Lungegårdsvannet. Desse materiala tiltrekk seg mykje forureining, som igjen legg seg på botn av vatnet i byen, fortel Andersson.

Kommunen har planar om å utvide mengden overvatn som skal gå til Lille Lungegårdsvannet, for å forbetre vannkvaliteten. Då er det viktig å vite kor mykje vatn som kjem frå eit urbant areal, men også kor mange  partiklar dette vatnet inneheld.

Lille Lungegårdsvannet fungerte tidligare som Bergens avfallsplass.

Viktig kunnskap

I tillegg til å fortelje historia om forureininga i Bergen, kan kunnskapen om vassbotnens kjemiske historie få konkret nytte for planlegginga av byen. 

Det blir laga  ein ny reguleringsplan for området rundt Lille Lungegårdsvannet. Malin Anderssons kartlegging av kjemien i vassbotnen vil bli ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget her.