17. september 2020

- Hjelper oss å finne ustabile fjellparti

Det ustabile fjellpartiet Osmundneset er eit eksempel på eit ustabilt fjellparti som er oppdaga ved hjelp av InSAR. Illustrasjon: NGU.
Karttenesta InSAR Norge hjelper Noregs geologiske undersøking (NGU) med å finne ustabile fjellparti som potensielt kan utvikle seg til fjellskred. – Vi får raskare avdekka og prioritert kva for fjellparti som må undersøkast nærare, forklarer NGU-forskar Marie Bredal.

Ved hjelp av gjentatte radarmålingar frå satellittar, avdekkjer InSAR-teknologien millimetersmå rørsler på terrengflater og byggverk. Hausten 2018 vart karttenesta InSAR Norge lansert av NGU, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norsk Romsenter. Lanseringa vart dekt av NRK, Adresseavisen og fleire andre nettaviser.

Karttenesta er gratis og tilgjengeleg for alle. Du kan lese meir om InSAR-teknologien på InSAR.no.

Nye ustabile fjellparti

Kartet frå InSAR Norge syner det nyoppdaga, ustabile fjellpartiet Reinbenken/Kruvnnut, samanlikna med storleiken til Eiffeltårnet. Fjellpartiet ligg i Porsangerfjorden, i Troms og Finnmark fylke. Fjellpartiet søkk sakte, med 1 cm i gjennomsnitt pr. år. Så lenge hastigheita på rørslene er konstant, er det ingen plutseleg fare for at fjellpartiet vil utviklast til eit fjellskred. Om den noverande hastigheita har vært konstant over tid, starta fjellpartiet å røre på seg for 8000 år sidan. Sjå fleire eksempel på ustabile fjellparti på Ngu.no. Illustrasjon: NGU.

- For kartlegging av ustabile fjellparti har InSAR-data lenge vore viktig for NGU. Før var InSAR-data berre tilgjengeleg i enkelte deler av landet. Med karttenesta InSAR Norge har vi ikkje berre fått eit landsdekkande datasett, men òg hyppigare målingar av rørsle, fortel NGU-forskarane Marie Bredal og John Dehls.

- Karttenesta lar oss raskt avdekkje kor dei ustabile fjellpartia finst, og vi kan følgje med på kva måte og kor raskt dei rører på seg. Etter lanseringa av InSAR Norge er det gjort over 100 nye oppdagingar av fjellparti som er i rørsle.

Sjå faktaboksen nedst i saken for å lære meir om ustabile fjellparti og på kva måte dei vert haldt oppsyn med.

Kartlegging for et tryggare samfunn

NGU-forskar Marie Bredal på feltarbeid i Vang i Valderes kommune. Foto: José Pullarello, NGU. 

NGU har i eit godt samarbeid med NVE, arbeida med fjellskred i lang tid. Gjennom dei siste 15 åra er det utvikla ein systematisk kartleggingsmetodikk.

- InSAR Norge er eit nyttig verkty som har gjort oss i stand til å identifisere og starte innleiande undersøkingar av ustabile fjellparti raskare enn tidlegare. Dei fleste ustabile fjellpartia rører seg svært sakte, og sannsyn for fjellskred er låg. Tidleg i kartleggingsprosessen kan vi, basert på hastigheita av rørslene, prioritere innsatsen vår betre. Slik kan vi sette inn mest ressursar der vi ser at faren for fjellskred, og konsekvensane for bustader, er størst, seier Bredal.

- InSAR har likevel avgrensingar når det kjem til mellom annet vegetasjon, snø, og bratte skråningar. Difor må vi alltid kople InSAR-data opp mot geologisk kunnskap vi får ved å undersøkje fjellområda i felt. Ustabile fjellparti er komplekse, og vi treng både lokal og regional kartlegging for å forstå den geologiske utviklinga. Slik kan vi meir effektivt førebygge skader på bustader og tap av menneskeliv i framtida. I sumar har vi undersøkt fleire områder i Troms og Finnmark, Vestlandet og Innlandet for å få meir kunnskap om rørslene vi ser i InSAR Norge, fortel Bredal.

Resultata frå kartlegginga i sumar vil publiserast fortløpande i NGUs database for ustabile fjellparti. I databasen kan du sjå kva for fjellparti som er risikoklassifiserte og kva for fjellparti som er under kartlegging i Noreg. 

NGU-forskar Martina Böhme undersøkjer strukturane i fjellet for å kunne skjøne fjellpartiet betre. Foto: Reginald Hermanns, NGU

Faktaboks – Kva er ustabile fjellparti?

«Ustabile fjellparti» er fjell som vi trur kan utvikle fjellskred. Fjellskred er utfall av fjellmassar på over 100 000 kubikkmeter.

Fjellskreda har nesten alltid langvarige forstadium, frå fleire tiår til fleire tusen år, med sakte rørsler i fjellet. Difor bruker forskarane teikn til slike rørsler, som sprekker og andre brotstrukturar, som eit hovudkriterium for å rekne eit fjell som ustabilt.

NGU kartlegg og klassifiserer dei ustabile fjellpartia på oppdrag for NVE. Dei vert klassifisert etter skalaen låg, middels og høg risiko. For fjellparti med høg risiko er hovudregelen at dei vert underlagt 24/7-beredskap, basert på kontinuerleg sanntidsovervaking.

For fleire av fjellpartia med middels risiko, er det etablert ein enklare overvaking. Her vert det nytta gjentatte radarmålingar frå satellittar mot reflektorar på det ustabile fjellpartiet. Måleintervalla er på maksimalt éi veke. NVE driv overvakinga av de ustabile fjellpartia.