6. september 2019

Her er Mannen sin historie


Mannen troner høgt over Romsdalen, heile 1294 meter over havet. Langt oppe i fjellsida, kor skredet frå Veslemannen vart utløyst, er det stupbratt. Fremst ligg skinnegangen til Raumabanen. Foto: NGU
Store delar av Veslemannen i det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen har no rasa ut. Mannen har vore råka av skred mange gonger gjennom historia.

Dei siste fem åra har overvåkinga av Mannen vist til dels store rørsler i Veslemannen i periodar med mykje nedbør. Bebuarane under fjellet har vore evakuert fleire gonger, og Raumabanen har også vore stengd i perioodar.

Forskarane kjenner ikkje til store fjellskred frå nyere tid i Romsdalen, men etter fleire sesongar på feltarbeid i området har dei funne restar av fleire gamle skred i dalen enn forventa.

Tre skred ramla ned frå Mannen mot slutten av siste istid. For 5000 år siden gikk det ytterligere tre til seks fjellskred, syner kartleggjinga.

Samtidig er fjellet fråvrista ein gamal løyndom dei siste åra: Kjemiske analyser og berekningar av minerala syner at gneisen som Mannen er bygd opp av, vart danna på 30 kilometers djup i jordskorpa i ein temperatur på over 800 °C.

Sjå menyen til høgre for våre artiklar om Mannen.

Det ustabile fjellpartiet Mannen.
Tidleg i september rasa store delar av Veslemannen ned fjellsida i Romsdalen. Dette biletet er tatt frå toppen for nokre år sidan. Foto: Iain Henderson

Relaterte prosjekter

Fjellskred i Møre og Romsdal
Prosjektet "ROS analyse for fjellskred i Møre og Romsdal" tar sikte på en systematisk kartlegging av ustabile fjellpartier i Møre og Romsdal fylke.