15. desember 2014

Heidra for vitskaplege artiklar

Forskarane Laurent Gernigon og Jochen Knies ved Noregs geologiske undersøking (NGU) vart nyleg heidra med pris for beste publikasjon i 2014.

Laurent et alHEIDRA: Laurent Gernigon (nr. to frå venstre) saman med sine medforfattarar ved NGU; Aziz Nasuti, David Roberts, Marco Brönner og Odleiv Olesen.


     

- NGU samlar gjennom ulike typar kartlegging inn store mengde data samstundes som vi held oppe ein høg produksjon av framifrå artiklar. Vi fekk inn mange gode forslag til årets publikasjon, og har vald ut to forfattarar med artiklar med eit arktisk tilsnitt som deler prisen for 2014, sa avdelingsdirektør Øystein Nordgulen då han delte ut prisane nyleg.

Laurent Gernigon og hans medforfattarar - fire av dei frå NGU - har brukt geofysiske data til å framstille ein ny modell for tektonikk og geologisk utvikling av det sørvestlege Barentshavet. Arbeidet har fått fram viktig kunnskap om samanhengen mellom land  og sokkel langs kysten av Troms og Finnmark.

Dei har mellom anna vist korleis dei kaledonske strukturane fortsett frå fastlandet til Svalbard, og korleis dei er reaktivert i dei seinare strekkingsfasane i Barentshavet. Resultata har fått stor oppmerksemd og positiv respons i både vitskaplege miljø og industri.

Referanse:
Gernigon, L., M. Brönner, D. Roberts, O. Olesen, A. Nasuti, & T. Yamasaki, 2014: Crustal and basin evolution of the southwestern Barents Sea: From Caledonian orogeny to continental breakup, Tectonics, 33.

Jochen KniesHeidra: Jochen Knies blir gratulert av avdelingsdirektør Bente Halvorsen under prisutdelinga nyleg.

Jochen Knies og hans medforfattarar - mellom anna Soma Baranwal frå NGU - har undersøkt korleis isdekket i Arktis har reagert på endringar i klima i den geologiske perioden frå 5,3 - 2,6 million år sidan. På denne tida var klimaet varmare enn i dag, og det kan derfor ses på som en mogleg analog til ein framtidig varmare jordklode.

Studiet viser at det i store delar av Arktis var ein isfri periode fram til for cirka fire millionar år sidan. Ulike faktorar bidrog deretter til ein gradvis auke i isdekket fram til for cirka 2,6 millionar år sidan, og byrjinga på perioden med vekslande istider og varmare mellomistider på den nordlege halvkule.

Referanse:
Knies, J., Cabedo-Sanz, P., Belt, S.T., Baranwal, S.F. & Rosell-Mele, A, 2014: The emergence of modern sea ice cover in the Arctic Ocean. Nature Communications 5, Article number: 5608.