12. desember 2017

Heidra med publikasjonspris


Prisvinnaren Tor Grenne på feltarbeid i Hessdalen i Sør-Trøndelag. Foto: Gudmund Løvø
Forskar Tor Grenne er heidra med prisen for Årets vitskaplege publikasjon ved NGU. Grenne fekk prisen for ein artikkel om dei eldste livsformane som til no er funne på jorda.

- Det er i 2017 publisert mange svært interessante artiklar frå NGU, og uvanleg mange i høgprofilerte tidsskrift, som Nature og Science. Det gir positiv omtale av både av dei som står for arbeidet og av vår institusjon, sa avdelingsdirektør Øystein Nordgulen då han delte ut prisen nyleg.

Lagra i stein

Juryen for Årets vitskaplege publikasjon landa på ein artikkel i Nature som kastar lys over dei eldste livsformene som til no er funne på jorda. Nordgulen peika på at geologi mellom anna dreier seg om å forstå jordas utvikling og korleis endringar i dei fysiske tilhøva har lagt til rette for skiftande miljø og livsformer.

- Dagens tilstand på jorda gir oss ikkje direkte innsikt i tilstanden på kloden vår langt tilbake i tid. Nøkkelen til denne koden ligg, som alle forstår, lagra i stein, sa Nordgulen.

På havbotn

- Tor Grenne er ein av åtte forfattarar frå institusjonar i fleire land. Artikkelen tar for seg jaspis i 3,77 milliardar overflatebergartar i Quebec i Canada. Her fins det restar etter fossiliserte mikro-organismer som tyder på at opphavet til bergarten var eit sediment avleira nær metallrike varme kjelder på havbotn. Grenne har, saman med John Slack ved amerikanske USGS, tidlegare studert jaspis på Løkken og kunne derfor ta med seg svært nyttig erfaring inn i dette samarbeidet, sa Nordgulen.

Referanse: Matthew S. Dodd, Dominic Papineau, Tor Grenne, John F. Slack, Martin Rittner, Franco Pirajno, Jonathan O’Neil, Crispin T. S. Little, 2017: Evidence for early life in Earth’s oldest hydrothermal vent precipitates. Nature 543, 60–64.