20. september 2021

Grev seg tilbake millionar av år

Gravemaskina arbeider i eit blokkhav på toppen av fjellet Gamlemsveten i tidlegare Haram kommune utanfor Ålesund.  Alle bileta: Gudmund Løvø
Skuffa på den digre gravemaskina trengjer seg ned gjennom jord og stein, og lyfter massane opp i en svær haug ved sida av ei nylagt grøft. Kva skjer på toppen av fjellet Gamlemsveten i Ålesund?

Midt oppe på fjellet reinskar maskinkjørar Martin Sundli i Brusdal Transport ei tre meter djup og ti meter lang grøft for ivrige geologar. Det regnar og blæs, og tåka har lagt seg som ein tett hatt rundt det 790 meter høge snaufjellet.

Geologane Annina Margreth og Jasmin Schönenberger reinskar grøfta før dei tar prøvar av den forvitra berggrunnen.

Djup forvitring

- Vi undersøkjer Gamlemsveten fordi vi trur at det akkurat her finst spor av djup forvitring av berggrunnen frå jordas mellomalder, mellom 252 og 66 millionar år tilbake i tid, forklarar prosjektleiar og geolog Jochen Knies ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Prosjektleiar Jochen Knies er ansvarleg for det store forskingsprosjektet BASE. 

For vel tre månader sidan var ei anna gruppe geologar og geofysikarar på det same fjellet med ein georadar. Signala frå georadaren synte forskarane kva for soner i bakken som inneheldt mest forvitringsmateriale i form av leirmineral, og dermed kor gravinga kunne skje.

Olje- og gassinteresse

Den geologiske kunnskapen om eldgamle forvitringsprosessar er vitskapeleg interessant, men òg spanande for olje- og gassindustrien: Oljefeltet Johan Sverdrup, på Utsirahøgden vest av Stavanger i Nordsjøen, er funne i eit område med nettopp forvitra grunnfjell.

- Ved å studere slike prosessar på land, kan vi forbetre forståinga av ukonvensjonelle oljereservoar på norsk sokkel, seier Jochen Knies. Derfor har Noregs forskingsråd løyvd 20 millionar kroner over fire år for å skaffe til vegar ny geologisk forståing av oppsprukke og forvitra grunnfjell i Noreg. Det skjer gjennom forskingsprosjektet BASE.

Varmt klima

Når gravemaskinføraren har sikra dei utgravne massane, tar geologane fram spadar og skuffer, og senker seg ned i grøfta. Her lagar dei fleire snitt frå det øvste humuslaget, gjennom jord og leire, til dei kjem heilt ned til berget. Dei inspiserer, beskriv kva dei ser og tar prøver for seinare laboratorieanalysar.

- Vi er ute etter forvitringsmateriale som ligg under alt det som er erodert bort og rota til av istidene, seier Knies, - kanskje finn vi restar av berget frå den gongen Noreg låg i subtropiske strok nær ekvator med fuktig klima og høge temperaturar. Kanskje finn vi leirmineralet gibsitt, det siste viktige produktet i den langvarige forvitringa av berggrunnen gjennom dei geologiske periodane trias, jura og kritt.

Samanliknar bergartar

For leirminerala skal undersøkjast nøye; både porøsitet, avsettingsmiljø og væskers evne til å trenge gjennom minerala skal granskast. Forskarane skal datere prøvane, lage 3D-bilete og sjå på korleis «morbergarten», sjølve gneisen, er sett saman.

Allereie på 1980-talet vart det funne gibsitt her på toppen av Gamlemsveten i tidlegare Haram kommune på Sunnmøre. Også ved seinare høve er det er det funne forvitra berg, men først no har forskarane nok materiale til ei grundig karakterisering av kva dei ser.

- No skal vi samanlikne funna frå dette fjellet, med innhaldet i bergartar frå kontinentalsokkelen. Dei same undersøkingane skal vi gjere med boreprøvar frå Bømlo, Smøla og Andøya, fortel prosjektleiar Jochen Knies. 

- Leirmineral som dette vi vi ha, seier Jochen Knies. No skal prøvane analyserast.

Relaterte prosjekter

Grunnboring
BASE – om forvitret grunnfjell
Norges forskningsråd har bevilget 20 millioner kroner til NGU for et kompetansebyggende prosjekt for næringslivet.