15. april 2010

Faren for flaum og skred ikkje godt nok kartlagt

Den statlege kartlegginga av flaum- og skredfare er mangelfull. Mange kommunar er ikkje godt nok førebudde på faren for flaum og skred.

KattmarkaSKRED: Bildet er hentet frå skredulykka i Kattmarka 13. mars i fjor. Store delar av Noreg er utsett for flaum og skred frå naturens side. Førebygging er ei viktig oppgåve for styresmaktene.

Kommunar manglar kompetanse til å dra nytte av den statlege kartlegginga og manglar ofte kjennskap til det juridiske ansvaret dei har.

– Kommunar har plikt til å auke flaum- og skredkompetansen sin, og statlege etatar må ta eit mykje større ansvar for at dette skjer, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Mange bor utsett til

Ved utgangen av 2008 var omlag 160 000 menneske busette i områder som kartlegginga viser kan bli råka av skred eller flaum, skriv Riksrevisjonen i ei pressemelding.

Riksrevisjonens rapport om arbeidet til styresmaktene med å førebyggje flaum- og skredfare vart overlevert Stortinget 15. april 2010.

- Undersøkinga frå Riksrevisjonen er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med skredkartlegging som Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) gjer i samarbeid med Noregs geologiske undersøking (NGU) , seier administrerande direktør Morten Smelror i NGU.

Ikkje godt nok kjende

Staten har gjennom dei siste 30-40 åra utarbeidd kart om nokre skredfenomen for å gi kommunane hjelp til å vurdere kvar dei skal kartleggje grundigare. Riksrevisjonens undersøking viser at desse aktsemdskarta ikkje er godt nok kjende i kommunane eller hos fylkesmennene.

– Få av dei som har motteke slike kart, gjer dei nødvendige oppfølgingsundersøkingane, seier Jørgen Kosmo.

Fleire kartprodukt

Kommunane rettar seg i stor grad etter informasjon om flaum og skred som kjem frå fagetatar. Undersøkinga viser likevel at fleire kommunar ikkje har god nok forståing av lovgrunnlaget og det ansvaret dei har. Mange kommunar manglar flaum- og skredkompetanse, og dei har heller ikkje fått den hjelpa dei har hatt bruk for frå statlige etatar.

- NGU har i 2009 utvikla eit nytt, landsdekkande aktsemdkart for steinsprang. Om kort tid kjem eit tilsvarande landsdekkande kart for snøskred. Vi skal halde fram arbeidet med både å utvikle, leggje til rette og presentere nye produkt i samarbeid med NVE, seier Morten Smelror.

Klimaendringar

Riksrevisjonen sin undersøking viser òg at fylkesmenn og kommunar ikkje veit korleis dei skal ta omsyn til klimaendringar i arbeidet med å avgrense flaum- og skredfare.

Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet synest undersøkinga er relevant og nyttig i det vidare arbeidet deira.

Frå og med 1. januar 2009 fekk Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) det overordna statlege ansvaret for å førebyggje alle former for skred, og skal arbeide etter den same modellen som etaten har hatt i sitt flaumarbeid. Skredansvaret blei flytta frå fleire statlege styresmakter og samla i NVE for å forbetre den statlege forvaltninga.